• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    04.03.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5594445
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 21.02.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Barnehagelærar/pedagogisk leiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune er ein stad full av unike opplevingar, vakker natur og spanande arbeidsplassar. No er det deg som ønskjer å jobbe i Sogndalsbarnehagen me har bruk for.   

Her er spennet av stillingar stort - me har behov for fagarbeidarar, miljørettleiarar, barnehagelærarar og pedagogiske leiarar. Alle desse funksjonane er like viktige for at ein kvardag i barnehagen skal bli trygg og føreseieleg for borna.   

Me ønskjer å komme i kontakt med deg som vil ta i vare born som har kvardagen sin i barnehagen. Me leitar etter deg som ønskjer å møte borna med respekt og positivitet.  

 

Sogndal kommune – utfordrarbygda med eit høgt kompetansemiljø  

Velkommen til fagre Sogndal – eit paradis for naturelskarar! Ønskjer du å bu blant majestetiske fjell ved Sognefjorden, har du no ein unik moglegheit. I tillegg til god tilgang på fantastiske naturopplevingar, kan du bli ein del av eit lokalsamfunn med eit rikt mangfald av frivillige lag og organisasjonar, samt eit breitt tilbod innan idrett og kultur.  

Bli kjent med våre bygder: 

  • Balestrand – Fjordperla med spektakulært lys: Fjordperla Balestrand ligg midt i Sognefjorden mellom tre fjordarmar og har eit spektakulært lys. Bygda er verdskjend blant nasjonale- og internasjonale kunstnarar, fjellfolk og musikarar. Her har eventyrarar blitt ønskja hjarteleg velkomne i generasjonar. 

  • Leikanger – Frukthagen i Sognefjorden: Bær- og fruktproduksjonen står sterkt i Leikanger, med om lag 80 000 tre med eple, pære og plommer i blomstring kvar vår. I tillegg kan Leikanger by på mange fine fjellturar og naturopplevingar. 

  • Ylvisåker/Norane fjordbygda mellom Leikanger og Sogndal med variert natur på land og fjord. Oppvekstsenteret er omkransa av flotte nærmiljøaktivitetar. Landbruk og fruktdyrking står sentralt i bygda. 

  • Sogndal sentrum – Regionsenteret med liv og røre: I Sogndal sentrum bur ein tredjedel av folka i kommunen og det vert derfor rekna som kommunen sitt  

pulserande sentrum. Ekstra liv blir det her når om lag 2500 studentar innteke bygda. Uansett om du er her kortare eller lengre tid kjenner du deg alltid hjarteleg velkommen i denne opne og innbydande bygda. 

  • Kaupanger vekstbygda med milevis av tur- og sykkelstiar i ein fantastisk natur frå fjord til fjell, der ein kan boltre seg gjennom heile året. Variasjon i aktivitetar for små og store som sykkelløyper, ski, motor- og bilcross, fotball, frisbeegolf, hestesport med meir. Attraksjonar som stavkyrkje, museum, Vitemeir er lett tilgjengeleg for alle. 

 

Dersom du treng tips til kva du kan finne på når du har fri har me aktivitetskalenderen Kva skjer? Her kan du få tips til aktivitetar innan kultur, idrett og andre arrangement som skjer i dei ulike bygdene våre.  

 

I Sogndal kommune meiner me at medverknad frå born, føresette og tilsette vil gje eit trygt og godt barnehagemiljø. Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing og me er ein kommune som er framoverlendt og nytenkjande.   

Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikre god kvalitet og utvikling for alle borna i den langstrakte kommunen vår.   

Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen: 

Samskapande – Open – God – Nysjerrig 

 

Det er ledige stillingar som barnehagelærarar/pedagogiske leiarar i Sogndal kommune frå 01.08.2024 

 

  • Sagatun barnehage 

100% fast stilling som barnehagelærar frå 01.08.2024 

100% vikariat som barnehagelærar frå 01.04.2024

100% vikariat som pedagogisk leiar frå 01.08.2024 

           Meir om barnehagen: 

 

  • Furuli barnehage:  

100% fast stilling som barnehagelærar frå 01.08.2024 

          Meir om barnehagen: https://www.furuli-bhg.no/  

 

  • Kjørnes barnehage: 

100% fast stilling som barnehagelærar frå 01.08.2024. Ynskjeleg med kompetanse/erfaring frå arbeid med ASK(Alternativ og supplerande kommunikasjon) 

100% vikariat som barnehagelærar frå 01.08.2024-31.07.2025 

100% vikariat som pedagogisk leiar frå 01.08.2024-31.07.2025. 

            Meir om barnehagen: https://www.kjornes-bhg.no/ 

 

  • Fosshagen utdanningsbarnehage: 

100% vikariat som barnehagelærar frå 01.08.2024-31.07.2025 

           Meir om barnehagen: 

 

  • Kyrkjebakken barnehage: 

40% vikariat som pedagogisk leiar frå 01.08.2024-31.07.2025 

100% vikariat som barnehagelærar frå 01.08..2024-31.07.2025 

Meir om barnehagen: https://www.kyrkjebakken-bhg.no/ 

 

  • Henjahaugane barnehage: 

40% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.2024 

100% vikariat som barnehagelærar frå 01.08.2024-31.07.2025 

Meir om barnehagen: 

 

  • Eventuelt andre ledige barnehagelærarstillingar som vert ledige i Sogndalsbarnehagen barnehageåret 2024/ 2025 

  

Arbeidsoppgåver 

  • sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø  

  • ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet  

  • medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet  

  • fagleg leiing og drift av ei avdeling i barnehagen  

  • bidra til eit godt samarbeid med føresette  

  • ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og lærlingar  

 

Kvalifikasjonar 

  • godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse  

  • gjerne erfaring frå barnehage  

  • ynskjeleg med vidareutdanning/fordjuping i spesialpedagogikk og rettleiing i nokon av stillingane  

  • gjerne arbeidserfaring frå barnehage  

  • beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg  

  •  menn vert oppmoda om å søkje  

 

Personlege eigenskapar 

  • positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar 

  • fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar  

  • evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette  

  • likar å arbeida i lag med andre  

  • taklar høgt tempo i kvardagen • fyrstehjelpskompetanse • godt humør 

 

Me tilbyr 

  • ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 

  • gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • gode velferdsordningar 

  • oppfylgjing/rettleiing for nyutdanna pedagogar 

 

Andre opplysningar 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Politiattest må leggast fram før tilsetjing 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

Bli betre kjend med Sogndal kommune her: www.sogndal.kommune.no   

 

Kontaktinformasjon for stillingane: 

 

-Sagatun barnehage: 

Anne Buene, styrar 

Tlf: 48 95 97 88 

 

- Furuli barnehage: 

Heidi Solvoll Navarsete, styrar 

Tlf: 95 15 21 06 

 

- Kjørnes barnehage: 

Mette Johannessen, styrar 

Tlf: 90 63 77 18 

 

- Fosshagen utdanningsbarnehage: 

Heidi Austrheim, styrar 

Tlf: 95 78 14 94 

 

-Kyrkjebakken barnehage: 

Marie Holen Ovrid 

Tlf: 90202413 

- Henjahaugane barnehage: 

Sylvi Aarland, styrar 

Tlf: 97 97 49 17 

 

 

 

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    04.03.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5594445
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 21.02.2024