Företag
Gulen kommuneAnsökningstiden
18.05.2022Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4600694Se här för andra jobb från Gulen kommune
- Uppdaterad 04.05.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Gulen kommune
Barnehagelærar/pedagogisk leiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Brekke barnehage og skule består av 1-10-skule og to barnehageavdelingar. Barnehagen held til i nybygde lokale. Sjå www.brekke.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osv.
Gulen kommune har ledig 70% fast stilling som pedagog frå 15.08.22, for tida ved Brekke barnehage og skule, der 40% av stillinga er som pedagogisk leiar, og 30% er barnehagelærar.
Barnehagane i Gulen har:
- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
- Bistå med å leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drifta av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
- Delta i den daglege drifta, der oppgåvene er knytt til både grupper av born og enkeltborn
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som barnehagelærar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er ein trygg vaksen og stabil arbeidstakar, og liker å vere aktiv
- Fleksibel, har gode samarbeidsevner og kan vere spontan og kreativ i møtet med borna
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna:
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Företag
Gulen kommuneAnsökningstiden
18.05.2022Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4600694Se här för andra jobb från Gulen kommune
- Uppdaterad 04.05.2022