• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4600694
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 04.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Barnehagelærar/pedagogisk leiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Brekke barnehage og skule består av 1-10-skule og to barnehageavdelingar. Barnehagen held til i nybygde lokale. Sjå www.brekke.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osv.

Gulen kommune har ledig 70% fast stilling som pedagog frå 15.08.22, for tida ved Brekke barnehage og skule, der 40% av stillinga er som pedagogisk leiar, og 30% er barnehagelærar. 

Barnehagane i Gulen har: 

  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
  • Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver: 

  • Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
  • Bistå med å leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drifta av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
  • Delta i den daglege drifta, der oppgåvene er knytt til både grupper av born og enkeltborn

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er ein trygg vaksen og stabil arbeidstakar, og liker å vere aktiv
  • Fleksibel, har gode samarbeidsevner og kan vere spontan og kreativ i møtet med borna
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna:

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering 

 

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4600694
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 04.05.2022