Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hemsedal Kommune

Barnehagelærar, pedagogisk leiar

Offentlig forvaltning

Barnehagane i Hemsedal kommune har ledig inntil 8 stillingar - fast og vikariat.
Utlysinga gjeld også andre pedagogstillingar som kan bli ledig.

Innhald i stillingane:
Pedagogisk leiar er ein del av leiargruppa i den einskilde barnehage, og har hovudansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet enten aleine eller saman med fleire pedagogar på «sin» avdeling, og for heile barnehagen. Pedagogisk leiar samarbeider med, leiar og rettleiar fagarbeidarar/assistentar på avdelinga aleine eller saman med anna pedagog. Stilling som barnehagelærar har det same pedagogiske ansvaret for fag og barn som pedagogisk leiar, men ikkje hovudansvaret og personalansvar.

Dine kvalifikasjonar:
- Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarande relevant utdanning
- Erfaring frå barnehage er ein fordel
- Bruke digitale verktøy i planleggingsarbeid og som pedagogisk verktøy, og kunne tileigne seg aktuelle fagsystem
- Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
- Menn blir oppfordra til å søkje (Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane)

Vi ynskjer oss av deg:
- Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
- Interesse for pedagogisk utviklingsarbeid - deltakande i vidareføring og vere pådrivar i nye utviklingsprosjekt
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner ovanfor både barn, føresette og tilsette
- Vere fleksibel
- Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetjing

Vi kan tilby:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Løn etter utdanning og praksis
- Rettleiingsgruppe for nye pedagogiske leiarar/barnehagelærarar
- Stillingsbeskriving

Generell informasjon:
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside.
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Det er krav om politiattest jf. forskjellig lovverk i dei forskjellige sektorane
- Vi har fokus på likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir teke til fylgje vil du som søkjar bli varsla, og du kan då velje å trekke din søknad før søkjarlista blir utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastast opp og blir då ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.

Vi ynskjer deg velkommen som søkjar her hjå oss i Hemsedal kommune.

Kontaktpersonar:
Tuv barnehage: Trude Taaje, styrar, tlf.nr.: 915 67 660, trude.pettersen@hemsedal.kommune.no
Ulsåk barnehage, Eva Markegård, styrar, tlf.nr.: 468 11 942, eva.markegard@hemsedal.kommune.no
Marit Fauske Bjerkan, fagleiar barnehage, tlf.nr.: 31 40 88 16, marit.fauske.bjerkan@hemsedal.kommune.no

Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.hemsedal.kommune.no