Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
21.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3906380Se her for andre jobber fra Gol kommune
- Oppdatert 04.06.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gol kommune
Barnehagelærar/pedagogisk leiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gol barnehage har ledig 100% fast stilling som barnehagelærar/pedagogisk leiar frå 1. september 2021, om ynskjeleg er det mogeleg å starte i august
- Arbeidssted er fortida naturavdeling i Breidokk barnehage
- Ved intern endring, vil det i staden bli ledig vikariat ved ei anna avdeling i Gol barnehage
Naturavdelinga ynskjer seg ein ny pedagogisk leiar som har stor interesse, entusiasme og kunnskap om å bruke naturen som hovudaktivitets- og læringsarena for barna gjennom heile året.
Gol barnehage er felles overordna organisering av dei tre kommunale barnehagane; Breidokk barnehage med eigen naturavdeling, Herad barnehage og Vesterhuset barnehage. Alle tre barnehagane har 4 eller 5 avdelingar for barn i alderen ca. 1 – 5/6 år. Sjå heimesida til Gol kommune for informasjon om kvar barnehage.
I Gol barnehage arbeidar vi med ein kontinuerlig utvikling av barnehagane, og søkjer medarbeidarar som er interessert i å ta aktiv del i utvikling, omsorg og læring hos kvart barn og av verksemda. Barnehagane samarbeider mykje og deltar i regionale utviklingsprosjekt. Vi er med i den nasjonale satsinga Inkluderande barnehage- og skulemiljø.
Innhald i stillingane: Pedagogisk leiar er ein del av leiargruppa i den einskilde barnehage, og har hovudansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet saman med ein anna pedagog på «sin» avdeling, og i heile barnehagen. I tillegg skal pedagogisk leiar samarbeide med, leie og rettleie fagarbeidarar/assistentar på avdelinga saman med anna pedagog.
Dine kvalifikasjonar:
- Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarande relevant utdanning
- Erfaring frå naturavdeling eller utdanning/fordyping innan natur, helse og bevegelse (eller tilsvarande)
- Bruke digitale verktøy i både planleggingsarbeid og som eit pedagogisk verktøy
- Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Vi ynskjer oss av deg:
- Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
- Interesse for pedagogisk utviklingsarbeid - deltakande i vidareføring av utviklingsarbeid i barnehagen
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibilitet
Vi kan tilby:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Løn etter utdanning og praksis
- Rettleiingsgruppe for nye pedagogiske leiarar/barnehagelærarar
- Stillingsbeskriving
Anna:
- Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane
- Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og evne til samarbeid
- Dei som blir tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar
- Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
- I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden
Send søknad:
- Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
- Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.gol.kommune.no
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
21.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3906380Se her for andre jobber fra Gol kommune
- Oppdatert 04.06.2021