Ledig stilling

Ål Kommune

Barnehagelærar i Ål kommune

Offentlig forvaltning

Torpo barnehage set leik og medverknad i fokus; der personalet arbeider tett på barna, for å bidra til trivsel, utvikling, leik og læring. Torpo barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg fint til sentralt på Torpo i Ål kommune. Barnehagen har eit stort og variert uteområde, med gode turalternativ og ein gapahuk i nærmiljøet.

Sando barnehage er ein to avdelings barnehage som ligg fint til utanfor sentrum i Ål kommune. Sentralt i det pedagogiske arbeidet er leik, læring, samspel og meistring. Satsingsområdet til barnehagen er friluftsliv. Les meir om barnehagane på Ål kommune sine heimesider, www.aal.kommune.no.

Me søkjer:

Det er ledig inntil 100 % stilling som pedagogisk leiar eller barnehagelærar i Torpo barnehage i perioden 02.01.2023 - 01.01.2024.

Det er ledig 40 % stilling som barnehagelærar tom 31.12.22 i Sando barnehage, med mogelegheit til utviding og forlenging. Oppstart så raskt som råd.

Som barnehagelærar blir du med i pedagog-teamet vårt, og du blir tillagt oppgåver med gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på di avdeling samt ansvar for foreldrekontakt (samtalar m.m.) med deler av foreldregruppa knytt til avdelinga.

 

Kvalifikasjonar: 

Krav om utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning. Dersom vi ikkje får søkjarar med barnehagelærar utdanning eller anna relevant utdanning kan andre søkjarar med barnefagleg bakgrunn eller friluftsutdanning være aktuelle.

 

Personlege eigenskapar:

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Me ynskjer søkjarar som:

 -brenn for barnehageyrket og barnas beste

-har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

-likar å vere ute i all slags vêr, året rundt

-er løysningsorientert, fleksibel og lojal

-er ein leikande vaksen

-har evne til å skape engasjement og styrke barnas utvikling

-kan uttrykke seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg

 

Me tilbyr:

-ein barnehage med eit sterkt fagleg miljø

-engasjerte tilsette, ei stabil personalgruppe

-kompetanseheving felles for barnehagane i Ål kommune

-pensjonsordning KLP

 

Lønsvilkår:

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

 

Politiattest:

Den som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

 

Send søknad:

Bruk elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden på heimesida til Ål kommune. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.  Det vil vere aktuelt å kalle inn til fortløpande intervju før frist for søking går ut. Oppstart i Sando så raskt som råd, og Torpo barnehage frå 1.1.2023.       

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og eventuelt tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden.

 

Søkjarar som ynsker å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

 

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål til stillingane Elin Nordheim, mobil 47657477

 

Velkomen som søkjar!