Detaljer

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    04.12.2020
  • Sted:
    VESTNES
  • Stillingsfunksjon:
    Vikariat
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    VESTNES
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3274509
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune

Barnehagelærar - 50 % vikariat - Tresfjord barnehage

Stillingstype:
Det er ledig 50% vikariat som barnehagelærar ved Tresfjord barnehage fram til juli 2021. Stillinga er ledig frå januar 2021.

Arbeidsoppgåver
- arbeid på avdelingane med delansvar for det pedagogiske arbeidet
- utviklingsarbeid i nært samarbeid med pedagogisk leiar
- legge til rette for det pedagogiske tilbodet i avdelinga
- foreldresamarbeid
- har ansvar for at mål og visjonar for drifta av barnehagen vert følgd
- har ansvar for at barnehagen fylgjer gjeldande avtalar, lovverk og vedtekter

Kvalifikasjonar
- bachelor barnehagelærar
- anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
- gode datakunnskapar
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2.
- ha god kommunikasjons- og samarbeidsevne

Personlege eigenskapar
- vere aktiv, engasjert og opptatt av faget
- ha evne til å motivere, engasjere og rettleie barn, foreldre og personalet
- ha godt humør, evne og vilje til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
- vere løysningsorientert og fleksibel
- ha evne til å sjå og anerkjenne barn
- vere eit godt språkleg førebilde
- bidra til god dialog med barn, føresette, tilsette og vere ein positiv rollemodell
- ha god samarbeidsevne og ville bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
- kunne jobbe i team, men og sjølvstendig

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- ein barnehagesektor med fokus på utvikling
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer CVen din i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.