• Företag
    Samnanger kommune
  • Ansökningstiden
    05.02.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4955531
  • Se här för andra jobb från Samnanger kommune
  • Uppdaterad 14.01.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Samnanger kommune

Barnehagelærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vassloppa barnehage har tre avdelingar som er i bruk. Barnehagen ligg sentralt på Ådland, med gangavstand til Bjørkheim. Me har flotte turområder med skog og sjø i nærleiken. Barnehagen vart totalrenovert og bygd om frå skule til barnehage og opna i 2012. Me har to inngangsparti med romslege garderobar, stort felleskjøken og eigen gymsal og scene. Barnehagen har motiverte tilsette som jobbar for barnas beste.

Visjon – ein god stad å vera, ein god stad å leika og læra. 

Dette er visjon for Samnanger kommune sine barnehagar og gjennom fokus på rammeplan og melding St. 6 -Tett på gjennom tidleg innsats og inkluderande fellesskapynskjer ein å skapa trygge og gode arenaer i oppvekstmiljøet til det einskilde barnet. 

Samnanger kommune med om lag 2 500 innbyggjarar ligg sentralt og vakkert til ved Samnangerfjorden med ein nydeleg fjellheim kring seg, samstundes som det berre er 40 min frå Bergen sentrum. 

Kommunen har to kommunale barnehagar med plass til over 100 barn som også ligg nært til flott turterreng. Barnehagane er ein del av det tverrfaglege samarbeidet i laget rundt barnet som kommunen legg til rette for. Oppvekstsektoren er også ein del av tverrfagleg samarbeid i Midthordland kompetanseregion. 

Me søkjer etter engasjert og motivert barnehagelærar - 100 % vikariat frå snarast til 31.07.2023 med moglegheit for forlenging.

 

Arbeidsoppgåver

  • Vera ein del av det pedagogiske teamet 
  • Barnehagelærar har i samarbeid med pedagogisk leiar ansvar for å iverksetja det pedagogiske arbeidet i tråd med god fagleg skjøn
  • Barnehagelærar skal rettleia og sørga for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
  • Barnehagelærar medverkar til planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda han/ho har fått ansvar for
  • Medansvar for spesialpedagogisk arbeid 
  • Stedfortredar for pedagogisk leiar ved behov 
  • Fremja godt samarbeid med foreldra 
  • Oppfølging av kvalitetskontroll 

Kvalifikasjonar

Krav:

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar
  • Gode norskkunnskapar. For søkjarar utanfor Skandinavia må ein ha bestått norskprøve B2 skriftleg og munnleg 
  • Gode datakunnskapar 
  • Du må vera ein vaksen som ser kvart einskild barn, er lyttande og tilstades 
  • Du må ha god helse slik at du kan vera aktiv saman med barna 

Ynskjer: 

  • Sterkt ynskjeleg med spesialpedagogisk kompetanse 
  • Det er ynskeleg med kjennskap til ASK (Alternativ og supplerande kommunikasjon) 

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å motivera og inspirera 
  • Du arbeider sjølvstendig 
  • Du er fleksibel, kreativ og har evne til refleksjon 
  • Du er engasjert og aktiv med barna 
  • Du er trygg og har gode omsorgsevner, - ser den einskilde 
  • Du er ein god rollemodell for små og store 
  • Du har evne og vilje til å skapa gode relasjonar med barn, foreldre og kollegaer 
  • Du kan håndtera fleire oppgåver samtidig 

 Me tilbyr

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Barnehageplass for tilsette sine born

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Företag
    Samnanger kommune
  • Ansökningstiden
    05.02.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4955531
  • Se här för andra jobb från Samnanger kommune
  • Uppdaterad 14.01.2023