Ledig stilling

Øygarden kommune

Barnehagelærar 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Leirstaden barnehage er ein kommunal barnehage med 4 avdelingar. Her er det i år plass til 61 born og 15 tilsette, der vi har ein småbarnsavdeling, ein mix avdeling og to 3 – 5 årsavdelingar.

Vi ligg cirka 2 km frå sentrum på Straume. Barnehagen ligg fint i naturskjønne omgjevnadar ved Skiftedalsvatnet.

Barnehagen er ein kulturbarnehage med hovudsatsing på språk og kultur. For tida er det språk gjennom musikk vi arbeider med og vi er ein del av Syngande barnehage.

Visjonen til Leirstaden barnehagen er : «Saman er vi best» - det er når vi samarbeider og står saman vi lykkast aller best! Denne våren treng vi ein ny lagspelar med oss på laget, og vi søker ein barnehagelærar i eit 100% vikariat, med oppstart 01.03.25.

Arbeidsoppgåver:
  • Bidra til eit stimulerande, allsidig leike- og læringsmiljø, for det enkelte barn uansett alder.
  • Fagleg utvikling av leike- og læringsmiljøet i tett samarbeid med personalet på avdelinga og leiargruppa.
  • Etablere gode relasjonar og samarbeide med foreldre til barnas beste.
  • Være ein aktiv bidragsytar til arbeidsmiljøet.
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet, i tett samarbeid med dei andre i personalet.
  • Ansvar for å leie og iverksette pedagogisk arbeid. I det ligg det planlegging, gjennomføring og evaluering. Samt dokumentere og utvikle i tråd med gjeldande lovverk, Øygarden kommunes satsingar og barnehagens interne planverk.
Kvalifikasjonar:  Må ha:
  • Godkjent barnehagelærarutdanning.
  • Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg.
Ønskjeleg med:
  • Erfaring med pedagogisk leiing og prosjektarbeid
Personlege eigenskapar:
  • Vi søkjer ein person som er tydeleg, raus og inkluderande
  • Du må like utfordringar og tole hektiske dagar
  • Du samarbeider godt med kollegaene dine, deler av kunnskapen din og bidreg aktivt i utforminga av barnas kvardag.
  • Du er fleksibel og løysningsorientert med stor arbeidskapasitet.
Anna:
  • Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetjing
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Marianne Strømmen, styrar

E – post: marianne.strommen@oygarden.kommune.no

Tlf: 55 09 68 20

Mobil: 958 81 410

Heimeside https://www.oygarden.kommune.no/leirstadenbarnehage/

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.