Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
09.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5062863Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Barnehagelærar 100 % fast - Sundre barnehage
Offentlig forvaltning
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd med låge bustadkostnadar, låge straumutgifter og kortreist kvardag? Vil du arbeide med hovud, hjarte og hender? Då vil me ha deg med på laget!
Me har faste ledige stillingar som barnehagelærar. Sundre barnehage er ein stor barnehage med et spennande fagmiljø som satsar på pedagogisk læring gjennom leik og trivsel. Me har mange barn frå mange nasjonar eller med særskilde behov. Her får du ein jobb med meining, kor du kan gjere ein forskjell i dei yngste barna sine liv. Barnehagen ligg i Ål sentrum, har flotte inne- og uteområde. Som barnehagelærar blir du med i pedagog-teamet vårt, og du blir tillagt oppgåver med gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på di avdeling, samt ansvar for foreldrekontakt (samtalar m.m.) med deler av foreldregruppa knytt til avdelinga.
Som barnehagelærar har du moglegheit til å vera pedagogisk leiar for ein avdeling.
Kommunen har eit leiarutviklingsprogram som heiter "Til topps", dette er for deg so ynskjer deg meir kunnskap kring leiarrolla og vil utvikle deg som leiar.
Kvalifikasjonar
- krav om utdanning som barnehagelærar
- gjerne vidareutdanning og/eller erfaring innan spesialpedagogikk
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Me ønskjer søkjarar som:
- brenn for barnehageyrket og barnas beste
- er ein leikande vaksen
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er løysingsorientert, fleksibel og lojal
- kan arbeide styrkebasert saman med andre barn og tilsette
- har evne til å skape engasjement og styrke barnas utvikling
- kan uttrykke seg godt på norsk, både skriftleg (nynorsk) og munnleg
- likar å vere ute i all slags vêr, året rundt
Me tilbyr
- ein barnehage med eit sterkt fagleg miljø
- ei personalgruppe med engasjerte tilsette og mange fantastiske barn
- pensjonsordning i KLP
- hjelp til å finne bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Dine moglegheiter for personlig vekst i Ål kommune
- intern leiarutvikling «Til topps» - for pedagogar som ønskjer å bli styrar på sikt
Ønskjer du å bygge karriere? - Ål kommune (aal.kommune.no) - gode stønadsordningar for vidareutdanningar
Politiattest og søknad
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
09.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5062863Se her for andre jobber fra Ål Kommune