Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
16.03.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6036, MAUSEIDVÅG
SULA
Antall stillinger
1karriere-kode
6096798Se her for andre jobber fra Sula kommune
Sula kommune
Barnehagefagleg rådgjevar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi søker etter deg som er klar for ei spennande stilling som barnehagefagleg rådgjevar i Sula kommune, og vi kan tilby deg 100% fast stilling. Brenn du for å betre barn sine oppvekstvilkår? Er du god til å bygge relasjonar og til å kommunisere med andre? Vert du motivert av å arbeide i eit engasjert og fagleg godt miljø? Liker du å jobbe målretta og tverrfagleg og trivst med å koordinere og leie utviklingsarbeid? Då kan dette vere stillinga for deg.
Stillinga er plassert under kommunalsjef kultur og oppvekst, og du vil samarbeide blant anna med rådgjevar skule, einingsleiarar og blir ein del av laget i utvikling av kultur og oppvekst området med særskilt ansvar for det barnehagefaglege. Til stillinga ligg også funksjon som barnehagemynde, og som er ei av kommunen sine lovpålagte oppgåver. Du vil ha ei særskilt rolle som tilsynsmynde for både kommunale og private barnehagar.
Vi ser etter ein omstillingsdyktig og engasjert barnehagefagleg rådgjevar som er pådrivar for å sikre kvalitet og etterleving av lovverk i barnehagane, og som samtidig bidreg til god kompetanse- og fagleg utvikling i kultur og oppvekstområdet.
Sula kommune sin strategi for heilskapleg innsats og samfunnsplanen sine mål, er å satse på tidleg innsats, sikre gode førebyggande tiltak retta mot barn, unge og deira familiar, og skal bidra til gode overgangar i barnet si læringsreise. Prosjektet Barn som meistrar er eit av kommunen sine prosjekt og satsingar, og som skal vere med å sikre at barn som veks opp i Sula får moglegheit til å meistre. Det er eit tett samarbeid med tenesteområda både i kommunalområdet og i andre tenesteområde.
Sula kommune har 4 kommunale og 4 private barnehagar.
Kvalifikasjoner:
- utdanning som barnehagelærar eller anna relevant høgare pedagogisk utdanning
- erfaring frå arbeid i barnehage og/eller barnehageforvaltning
- god rådgivnings- og veilederkompetanse
- god forståing for lov og avtaleverk
- god muntlig og skriftlig framstillingsevne
- erfaring med saksbehandling er ein fordel
- det er ønskeleg at du har vidareutdanning retta mot barnehageleiing, utviklingsarbeid, prosjektleiing og/eller endringsleiing.
- det er ønskeleg at du har erfaring frå å leie utviklingsprosjekt
Personlige egenskaper:
- gode samarbeids- og relasjonsbyggande evner
- strukturert, målretta og sjølvstendig
- evne til å handtere komplekse saker og ta beslutningar
- engasjement for barn si utvikling og læring
- du har vilje til omstilling og fleksibilitet, samt høg arbeidskapasitet
- du tek initiativ, er utviklings - og løysningsorientert
Vi tilbyr:
- spennande og fagleg utviklande stilling for eit viktig samfunnsoppdrag
- entusiastiske og inkluderande kollegaer i eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og profesjonalitet
- godt arbeidsmiljø
- gratis parkering
- gode kontorfasilitetar på rådhuset i Langevåg
- fleksitidordning
- gode pensjons - og forsikringsordningar
- kunstforening
Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
16.03.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6036, MAUSEIDVÅG
SULA
Antall stillinger
1karriere-kode
6096798Se her for andre jobber fra Sula kommune
-
100% fast stilling som fagansvarleg for PP-tenesta i Ål kommune
Ål Kommune
ÅL -
Assisterande avdelingsleiar /Barnekoordinator
Sula kommune
LANGEVÅG -
Trainee: Maskiningeniør
Framtidsfylket AS
ODDA -
Helsefagarbeidar, sjukepleiar -/vernepleiarstudent fast 15% - 20 %
Øygarden kommune
Skogsvåg -
HR-leiar
Sula kommune
LANGEVÅG