• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    06.08.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6279921
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ledig stilling

Ål Kommune

Barne - og ungdomsbibliotekar

Offentlig forvaltning

Er du glad i folk og bøker? Likar du å formidle? Har du høg digital kompetanse?
Då ønskjer me på Ål bibliotek å ha deg med på arbeidslaget!

Stillinga er 60% fast og 20% mellombels (2 år).

Ål bibliotek er eit meirope bibliotek i hjarte av Ål kulturhus. Biblioteket er ein sentral del av kulturlivet i kommunen og samarbeider breitt med dei andre avdelingane på kulturhuset og med ulike aktørar i lokalmiljøet. Litteraturformidling, læring og digital utvikling er viktige satsingsområde. Ål bibliotek har i dag 4 tilsette, fordelt på 3,25 årsverk.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • ansvar for biblioteket sitt tilbod til skuler og barnehagar
  • formidling til ulike målgrupper, på ulike arenaer
  • delta i bibliotekdrifta med skrankevakter, publikumsrettleiing og arrangement 

Kvalifikasjonar

  • bibliotekfagleg utdanning på minimum bachelornivå
  • anna utdanning, t.d. pedagogisk utdanning, kan bli vurdert
  • kommunikativ, på både fysiske og digitale arenaer og plattformar
  • erfaring frå bibliotek eller annan kultur- eller formidlingsverksemd  
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne, med evne og vilje til å skrive nynorsk 
  • førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • god formidlingsevne og formidlingsglede
  • god kontakt med di målgruppe; born og unge
  • hyggeleg, imøtekommande og god til å samarbeide  
  • initiativrik og engasjert 

Me tilbyr

  • eit regionalt fagmiljø og samarbeidsforum
  • entusiastisk fagmiljø på kulturhuset, med ledande ekspertise på fleire spennande felt innan kunst og kultur
  • lønn i samsvar med tariff
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • fleksibel arbeidstid, med noko kvelds- og helgearbeid

Send søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Flytte til Ål?
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ønskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål! 

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    06.08.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6279921
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune