Företag
Samnanger kommuneAnsökningstiden
31.03.2023Anställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5050576Se här för andra jobb från Samnanger kommune
- Uppdaterad 07.03.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Samnanger kommune
Barne- og ungdomsarbeider og helsefagarbeider lærling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ynskjer du eit yrke som gjev meining og ei oppleving av å bety noko for andre? Me søkjer deg som vil vera barne- og ungdomsarbeider eller helsefagarbeider lærling.
I Samnanger kommune vil me leggja til rette for eit godt læringsmiljø, og me er oppteken av å tilby godt kvalifiserte veiledere. Me vil tilby individuell opplæring og varierte arbeidsoppgåver.
Som lærling i oppvekst er det vanleg at du jobbar eit år i barnehage og eit år i skule.
Ved spørsmål om lærlingplass i barnehage/skule ta kontakt med: Siv Sæterdal, tlf 56587459, e-post: siv.seterdal@samnanger.kommune.no
Som lærling i helsefagarbeider faget jobbar du skift/turnus.
Ved spørsmål om lærlingplass i pleie og omsorg ta kontakt med: Janne Iren Drevsjø, tlf 56589710, e-post: janne.iren.drevsjo@samnanger.kommune.no
Arbeidsoppgåver
- Som lærling vil du få moglegheit til å delta aktivt i alle oppgåvene som er knytt til ditt fagområde, slik som å planleggja, gjennomføra og evaluera aktivitetar i samarbeid med personalet
- Jobba med alle kompetansemåla i læreplanen og planleggja, dokumentar og evaluera desse.
Kvalifikasjonar
- Søkjarar må ha fullført og bestått VG1 og VG2
- Ved tilsetjing vil det verta lagt vekt på interesser og personlege kvalifikasjonar
- Framandspråklege søkjarar må dokumentera gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dei som får tilbod om lærlingplass må levera inn godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Du er opptatt av å skapa gode relasjonar
- Du er lærevillig, nysgjerrig og iniativrik
- Du likar å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er sjølvstendig og tar ansvar for eiga læring
- Me søkjer deg som er ein god lagspelar, positiv og vil læra gjennom erfaring og nøyaktigheit
Me tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø og god samarbeidsånd
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Samnanger kommuneAnsökningstiden
31.03.2023Anställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5050576Se här för andra jobb från Samnanger kommune
- Uppdaterad 07.03.2023