• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    31.03.2023
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5050576
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 07.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Barne- og ungdomsarbeider og helsefagarbeider lærling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ynskjer du eit yrke som gjev meining og ei oppleving av å bety noko for andre? Me søkjer deg som vil vera barne- og ungdomsarbeider eller helsefagarbeider lærling. 

I Samnanger kommune vil me leggja til rette for eit godt læringsmiljø, og me er oppteken av å tilby godt kvalifiserte veiledere. Me vil tilby individuell opplæring og varierte arbeidsoppgåver. 

Som lærling i oppvekst er det vanleg at du jobbar eit år i barnehage og eit år i skule.

Ved spørsmål om lærlingplass i barnehage/skule ta kontakt medSiv Sæterdal, tlf 56587459, e-post: siv.seterdal@samnanger.kommune.no 

Som lærling i helsefagarbeider faget jobbar du skift/turnus.          

Ved spørsmål om lærlingplass i pleie og omsorg ta kontakt med: Janne Iren Drevsjø, tlf 56589710, e-post: janne.iren.drevsjo@samnanger.kommune.no 

 

  Arbeidsoppgåver 

  • Som lærling vil du få moglegheit til å delta aktivt i alle oppgåvene som er knytt til ditt fagområde, slik som å planleggja, gjennomføra og evaluera aktivitetar i samarbeid med personalet 
  • Jobba med alle kompetansemåla i læreplanen og planleggja, dokumentar og evaluera desse. 

 

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha fullført og bestått VG1 og VG2
  • Ved tilsetjing vil det verta lagt vekt på interesser og personlege kvalifikasjonar
  • Framandspråklege søkjarar må dokumentera gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Dei som får tilbod om lærlingplass må levera inn godkjent politiattest

 

Personlege eigenskapar

  • Du er opptatt av å skapa gode relasjonar
  • Du er lærevillig, nysgjerrig og iniativrik
  • Du likar å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er sjølvstendig og tar ansvar for eiga læring
  • Me søkjer deg som er ein god lagspelar, positiv og vil læra gjennom erfaring og nøyaktigheit

 

Me tilbyr

  • Faglege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø og god samarbeidsånd
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    31.03.2023
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5050576
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 07.03.2023