• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6055, GODØYA
    GISKE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5735837
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Giske Kommune

Barne- og ungdomsarbeidarar ved Godøy skule og SFO

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig inntil 2 heile stillingar som barne- og ungdomsarbeidar ved Godøy skule og SFO frå 01.08.2024. Stillingane følgjer skuleruta (arbeidsåret er 37,5 t/v i 39 veker med avkorta løn til 89 %).

Godøy skule er ein 1 – 7 skule med ca. 145 elevar. Rundt 60 av desse går på SFO. Visjonen vår er «Trygt forankra strekk vi oss ut». Vi er opptekne av at vi skal bidra til å gjere elevane trygt forankra i seg sjølv, skulemiljøet og lokalmiljøet, og kunne vere ein aktiv medspelar som blir rekna med. 

Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Vi ønsker søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna utdanning med pedagogikk, men helsefagarbeidarar og andre kan også søkje.
  • Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
  • Kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
  • Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
  • Vere trygg i konflikthandtering.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse. 

Personlige egenskaper:

  • Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
  • Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
  • Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus.
  • Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst.
  • Gode samarbeidsevne med barn og vaksne. 

Vi tilbyr:

  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
  • Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer
 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6055, GODØYA
    GISKE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5735837
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune