Company
Kvam Herad i BrønnøysundApplication deadline
02.02.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6009005Look here for other jobs from Kvam Herad i Brønnøysund
Kvam Herad i Brønnøysund
Barne- og ungdomsarbeidar Sjydnahaugen barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du lyst å bidra til glede og tryggleik i Sjydnahaugen barnehage?
Me har ledige stilling som barne- og ungdomsarbeidar i 100 % frå 01.04.25.
Sjydnahaugen barnehage er ein fire avdelings barnehage som ligg sentralt i Øystese sentrum. Barnehagebygget er nytt og har gode fasilitetar. Me er opptekne av å førebygga trygt og godt barnehagemiljø og har fokus på aktive vaksne i uteleiken.
Me søkjer barne- og ungdomsarbeidar som likar å laga gode kvardagar saman med små born. Me har behov for deg som er god på relasjonar og som er glad i å gje born gylne augneblink. Me er opptekne av gode fagmiljø og arbeider for kontinuerleg kompetanseutvikling.
Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: Barnehagar i kvam herad
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for å skapa ein god barnehagekvardag for både det enkelte barn og grupper, i samarbeid med pedagogisk leiar/barnehagelærar
- Levera god kvalitet i relasjonar med barn og foreldre
- Vera ein trygg vaksen
- Tilretteleggja for leik og læring
- Delta i og skapa kvalitet i rutinesituasjonar
- Delta i og utvikla barnehagen
- Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre
- Bidra til og ivareta helse, miljø og tryggleik i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar, men er og interessert i deg som har anna relevant utdanning, yrkeserfaring og ynskjer å arbeida i barnehage
- Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Bestått A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter
Personlege eigenskapar
- Påliteleg, omsorgsfull og engasjert
- Du har godt humør og positiv innstilling
- Fagleg oppdatert
- Deg som er leiken og evnar å inspirera og engasjera born
- Møter born, kollega og føresette med respekt
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Eit positivt barnesyn: "Barn gjer så godt dei kan"
Me tilbyr
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Company
Kvam Herad i BrønnøysundApplication deadline
02.02.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6009005Look here for other jobs from Kvam Herad i Brønnøysund
-
Barne- og ungdomsarbeidar
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Rektor Kvam ungdomsskule
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Administrav medarbeidar
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Barnehagelærar til Våge barnehage
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Tilkallingsvikar - Barnehage og skule
Ål Kommune
ÅL