Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Kvam Herad i Brønnøysund

Barne- og ungdomsarbeidar og barnehagelærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søkjer deg som har kompetanse innan barnehagefeltet og vil skapa ein trygg og stabil kvardag for born.

Ynskjer du å påverka din eigen arbeidskvardag, vera mykje ute og bidra til barn si utvikling?

Me vil gjerne ha deg på laget vårt.

Barnehagane i Kvam har fokus på godt arbeidsmiljø og saman med KLP deltek barnehagane i prosjektet "Bli i jobben". Målet er å styrka arbeidsmiljøet vårt slik at sjukefråværet vert redusert og tilsette vert verande i barnehagane våre.

Dersom du allereie har eit vikariat i ein barnehage og får tilbod om fast jobb kan oppstart i den faste stillinga bli utsett til 01.08.23. Dette for å oppretthalda stabilitet og tryggleik i den aktuelle barnehage. 

Norheimsund barnehage

  • 60% fast barne- og ungdomsarbeidar frå snarast
  • 100% barne- og ungdomsarbeidar frå 01.02.23 til 31.07.23
  • 60% barnehagelærar frå 01.03.23 til 31.07.23

Bjørketeigen barnehage

  • 50% fast barne- og ungdomsarbeidar frå snarast
  • 100% fast barne- og ungdomsarbeidar frå 01.04.23
  • 140% barne- og ungdomsarbeidar frå snarast, vikar

Sjydnahaugen barnehage

  • 60% fast barne- og ungdomsarbeidar frå snarast
  • 20% barne- og ungdomsarbeidar frå 01.02.23 til 31.07.23

Strandebarm barnehage

  • 30 % fast barne- og ungdomsarbeidar frå snarast
  • Personale knytt til flyktningar dersom busetting i Strandebarm/ Tørvikbygd

Tørvikbygd barnehage

  • 10% fast barne- og ungdomsarbeidar frå snarast
  • Personale knytt til flyktningar dersom busetting i Strandebarm/ Tørvikbygd

Ålvik barnehage

  • 20% fast barne- og ungdomsarbeidar frå snarast
  • Merk i søknaden kva barnehage og stilling du søkjer på.

Arbeidsoppgåver

  • Skapa ein god barnehagekvardag for både det enkelte barn og grupper
  • Levera god kvalitet i relasjonar med barn og foreldre
  • Vera ein trygg vaksen
  • Tilretteleggja for leik og læring
  • Delta i å skapa kvalitet i rutinesituasjonar
  • Delta i å utvikla barnehagen
  • Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre
  • Bidra til å ivareta helse, miljø og tryggleik i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • Barne- og ungdomsarbeidar, men er også interessert i deg som har anna relevant utdanning eller yrkeserfaring og ynskjer å arbeida i barnehage
  • Barnehagelærar, evt anna relevant høgskuleutdanning
  • Me oppmodar lærlingar som skal ta fagbrev våren 2023 til å søkja
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Bestått A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
  • Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel

Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden

Me legg vekt på desse personlege eigenskapane:

  • Pålitelig, omsorgsfull og engasjert
  • Du har godt humør og god samarbeidsevne
  • Fagleg oppdatert
  • Deg som er leiken og evnar å inspirere og engasjere born
  • Møter born, kollega og foreldre med respekt
  • Er fleksibel og løysingsorientert

Me tilbyr

  • Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkninga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ynskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.