Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
10.04.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5077837Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
Vaksdal kommune
Barne- og ungdomsarbeidar frå august 2023
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi er interesserte i å kome kontakt med barne- og ungdomsarbeidarar/pedagogiske medarbeidarar, som kan tenke seg å arbeide hos oss!
No er vi i gong med å planlegge neste barnehageår, og i den anledning kan det bli ledige stillingar, både faste og vikariat frå 1. august 2023.
Både heil- og deltidsstillingar kan bli aktuelt. Skriv i søknaden kva du ynskjer.
Vaksdal kommunale barnehage består av barnehagane Vaksdal, Knutatunet/Stanghelle og Dale og oppveksttun på Stamnes og Eksingedalen og alle er godkjend for barn i alderen 1-5 år.
Arbeidsstad vert avtaltp med dei som vert tilsett.
Alle barnehagane i Vaksdal har gjennomført kompetanseprogrammet «Inkluderande barnehagemiljø». Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Dette gjer vi i lag som kompetente og engasjerte vaksne.
Arbeidsstad
Barnehagane i Vaksdal kommune.
Krav til kompetanse:
- Ynskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Søkjarar med anna relevant pedagogisk utdanning og personlege eigenskapar kan bli vurderte
- Ynskjeleg med erfaring frå barnehage
Personlege eigenskapar:
- Du er ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer
- Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du tek del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
- Du er stabil og påliteleg for god og trygg tenestekvalitet til beste for barna og arbeidsmiljøet
- Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre
Vi oppmodar menn til å søkja.
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Godkjent politiattest og eigenerklæring om utanlandsopphald (tuberkulose) må leggjast fram ved tilsetjing.
Me planlegg å gjennomføre intervju i veke 16 og 17.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR: på e-post tiril.hesjedal.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
10.04.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5077837Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
-
Barnehagelærar frå august 2023
Vaksdal kommune
DALEKVAM -
Ringevikar/ekstrahjelp i barnehage, skule og SFO
Vaksdal kommune
DALEKVAM -
Byggdriftar/vaktmeister
Vaksdal kommune
DALEKVAM -
Fagarbeidar ved Stanghelle skule/SFO
Vaksdal kommune
DALEKVAM -
Tilkallingsvikar/ekstrahjelp ved Kultur og inkludering
Vaksdal kommune
DALEKVAM