Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Barne- og ungdomsarbeidar/assistent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Velkommen til fagre Sogn, her får du i både pose og sekk! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1150 medarbeidarar, og me satsar no på auka digitalisering som skal fornya, forbetra og forenkla tenestene me tilbyr. I Sogndal kommune er det totalt 16 barnehagar, der 12 av barnehagane er kommunale barnehagar 

Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen: 

SamskapandeOpen – God - Nysgjerrig  

 

Det er ledige barnehagestillingar som barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar i Sogndal kommune:

 

Kjørnes barnehage; Sogndal:  

  • 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar/assistent frå 30.10.2023 - 30.06.2024. 

 

Fosshagen barnehage; Sogndal:  

  • 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar/assistent frå 01.01.2024 - 31.12.2024.  
  • 50% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar/assistent frå snarast - 11.08.2024. 

 

Ylvisåker barnehage; Norane: 

  • 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar/assistent frå 01.01.2024 -31.12.2024. Stillinga kan bli forlenga.  

 

Nybø barnehage; Leikanger: 

  • 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 11.03.2024 - 15.08.2025. 

 

Henjahaugane barnehage, Leikanger: 

  • 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.01.2024 - 01.03. 2025. Stillinga kan bli forlenga. 

 

Eventuelt andre ledige barne- og ungdomsarbeidar-/assistentstillingar som vert ledige i Sogndalsbarnehagen vinter/vår 2024. 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • medverka til å skapa eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø 
  • leggja til rette for og gjennomføra aktuelle dagsplanar og vera der for barna 
  • bidra til barna si utvikling og leik både inne og ute 
  • samarbeida med kollegaene og med føresette 
  • hjelpa til med praktiske oppgåver som påkledning, rydding m.m. 

 

Kvalifikasjonar: 

  • godkjend relevant utdanning, t.d. barne- og ungdomsarbeidar 
  • erfaring med barn og unge 
  • beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg 
  • du kan søkje om du ikkje har godkjend relevant utdanning, men har relevant praksis/erfaring 

 

Personlege eigenskapar: 

  • positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar 
  • fysisk aktiv og leiken 
  • ei føremon med interesse og erfaring innanfor friluftsliv, musikk, IKT, kunst & kreativitet 
  • fyrstehjelpskompetanse 
  • engasjert i borna, tek initiativ og ansvar 
  • evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette 
  • likar å arbeida i lag med andre 
  • taklar høgt tempo i kvardagen 
  • godt humør 

 

Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Gode velferdsordningar 

 

Kontaktinformasjon for stillingane er: 

- Ylvisåker barnehage:

Anne Siri Bentsen, Styrar 

E-post: anne.siri.bentsen@sogndal.kommune.no  

Tlf: 41 69 39 10 

 

- Kjørnes barnehage: 

Mette Johannessen, styrar 

E-post: mette.johannessen@sogndal.kommune.no  

Tlf: 90 63 77 18 

 

 

- Fosshagen utdanningsbarnehage: 

Heidi Austrheim, styrar 

E-Post: heidi.austrheim@sogndal.kommune.no 

Tlf: 95 78 14 94 

 

- Henjahaugane barnehage: 

Sylvi Aarland, styrar 

E-post: sylvi.aarland@sogndal.kommune.no  

Tlf: 97 97 49 17 

 

- Nybø barnehage: 

Ingebjørg Breisnes, styrar 

E-post: ingebjorg,breisnes@sogndal.kommune.no  

Tlf: 91 79 06 52 

 

Det kan verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst i denne utlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagelærarstillingar som kan koma til seinare i vinter/vår. Søkarar kan difor vere aktuelle / få tilbod om stilling som ikkje er annonsert gjennom hovudutlysinga.

 

Arbeidsstad:

I søknaden din må du rangere kva stilling su søkjer i prioritert rekkefølge.

 

Andre opplysningar: 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Politiattest må leggast fram før tilsetjing 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.