• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4714039
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Alver kommune

Barne- og ungdomsarbeidar / assistent - 100% fast stilling -

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om skulen

Knarvik ungdomsskule ligg sentralt plassert i Knarvik sentrum. Skulen har kring 340 elevar og 50 tilsette og er den største ungdomsskulen i Alver kommune. Skulen er ein MOT skule og er mottaksskule for einslege mindreårige flyktningar

Om stillinga

Ved Knarvik ungdomsskule er det frå 01.09.21 ledig inntil to 100% stillingar som pedagogisk medarbeidar/fagarbeidar.

Arbeidsoppgåver 

Den tilsette vil ha som hovudoppgåve å følgje opp elevar med særskilde behov, både i skulearbeid, i friminutt og før/etter skuletid. Den tilsette skal hjelpe elevar med å få ei god sosial utvikling gjennom kommunikasjon, samspel og leik. Den skal veilede elevar til å ta ansvar for sine eigne liv og vere ein god rollemodell for ungdomen.

Det er også knytt tilsynsoppgåve i skulefrie periodar (haust- og vinterferie, planleggingsdagar og sommar før og etter juli) til stillingane.

Kompetansekrav

Vi ønskjer fortrinnsvis søkjarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men relevant erfaring vil kunne kompensere for manglande formell utdanning.

Ønskt kompetanse

Vi ønskjer ein medarbeidar som kan vere den trygge vaksne som toler og rommar eleven sin åtferd, og som evnar å sjå den sårbare ungdomen bak. Den som vert tilsett må kunne vise sjølvstende, være løysingsorientert og ha framifrå samarbeidsevne.

Grunna dei arbeidsoppgåvene som er knytt til stillinga oppfordrar vi særleg menn til å søkje.

Vi tilbyr

  • Ein dynamisk arbeidsplass med dyktige og rause medarbeidarar, og flott og ivrig ungdom.

  •  Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring. 

  • God pensjonsordning i KLP

Vilkår

Det er krav om godkjend polititattest etter opplæringslova ved tiltreding.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

  

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4714039
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune