Company
Gulen kommuneApplication deadline
31.08.2021Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3937365Look here for other jobs from Gulen kommune
- Updated 10.08.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Gulen kommune
Barne- og ungdomsarbeidar/assistent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har framleis ledig fylgjande stillingar, og vil vurdere innkomne søknadar fortløpande, og har derfor ikkje sett opp ein endeleg søknadsfrist:
Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10-skule inkl. SFO, og barnehageavdelingar i to ulike bygg; eitt på Dalsøyra og eitt i Hovden (heilt nytt barnehagebygg). Sjå www.dalsoyra.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osv.
Gulen kommune har ledig inntil 200% mellombels stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå august 2021. Varigheit av stillingane er eitt år. Stilingane er knytt til hhv. barnehage og skule/SFO, men det kan også vere aktuelt med oppgåver på tvers av områda. Søkjarane må skrive om dei helst ynskjer oppgåver innan barnehage eller skule/SFO, dersom dette er av betydning for søkjaren.
Arbeidsoppgåver for barne- og ungdomsarbeidar:
- Medverke til at barnehagen og skulen er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda.
- Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
- Andre oppgåver etter behov
Arbeidsoppgåvene/-områda vil variere alt etter om oppgåvene er knytt til barnehage, skule/SFO eller med enkeltborn. Det vil også kunne vere ulikt krav til sjølvstendig oppgåveløysing avhengig av om ein jobbar på skule/SFO og barnehage. Til dømes vil fagarbeidaren i større grad ha i oppgåve å planlegge aktivtetar når ein er aleine som vaksen (t.d innan SFO), enn når ein jobbar saman med fleire vaksne/ulike yrkesgrupper.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som barne- ogungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert.
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Har evne til å sjå kvart enkelt barn og skape gode og trygge relasjonar med borna
- Er engasjert og initiativrik
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Fleksibel, har gode samarbeidsevner og er sjølvstendig
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna:
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Vi tilbyr:
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
Company
Gulen kommuneApplication deadline
31.08.2021Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3937365Look here for other jobs from Gulen kommune
- Updated 10.08.2021