• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    31.08.2021
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3937365
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 10.08.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Barne- og ungdomsarbeidar/assistent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har framleis ledig fylgjande stillingar, og vil vurdere innkomne søknadar fortløpande, og har derfor ikkje sett opp ein endeleg søknadsfrist: 

Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10-skule inkl. SFO, og barnehageavdelingar i to ulike bygg; eitt på Dalsøyra og eitt i Hovden (heilt nytt barnehagebygg).  Sjå www.dalsoyra.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osv.

Gulen kommune har ledig inntil 200% mellombels stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå august 2021. Varigheit av stillingane er eitt år. Stilingane er knytt til hhv. barnehage og skule/SFO, men det kan også vere aktuelt med oppgåver på tvers av områda. Søkjarane må skrive om dei helst ynskjer oppgåver innan barnehage eller skule/SFO, dersom dette er av betydning for søkjaren.

 

Arbeidsoppgåver for barne- og ungdomsarbeidar:

  • Medverke til at barnehagen og skulen er ei god pedagogisk verksemd
  • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
  • Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda. 
  • Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
  • Andre oppgåver etter behov

Arbeidsoppgåvene/-områda vil variere alt etter om oppgåvene er knytt til barnehage, skule/SFO eller med enkeltborn. Det vil også kunne vere ulikt krav til sjølvstendig oppgåveløysing avhengig av om ein jobbar på skule/SFO og barnehage. Til dømes vil fagarbeidaren i større grad ha i oppgåve å planlegge aktivtetar når ein er aleine som vaksen (t.d innan SFO), enn når ein jobbar saman med fleire vaksne/ulike yrkesgrupper.

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne- ogungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert.
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Har evne til å sjå kvart enkelt barn og skape gode og trygge relasjonar med borna
  • Er engasjert og initiativrik
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Fleksibel, har gode samarbeidsevner og er sjølvstendig
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna:

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

Vi tilbyr:

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp med å skaffe bustad

 

 

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    31.08.2021
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3937365
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 10.08.2021