• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    25.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3269725
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 11.11.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Barne- og ungdomsarbeidar 100%

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Arbeidsstad
Storebø skule

Ledig stilling som barne-og ungdomsarbeidar i skule og SFO. 100 % stilling med evt. nedtrekk på 11 % for fri i skuleferiar. 

Ansvars- og arbeidsoppgåver
Elevassistent i skule og SFO. Arbeid med elevar med særskilde behov i undervisning og friminutt.
Deltaking i, og oppfølging av skulen sine satsingsområde.
Samarbeid med lærar og deltaking i team for assistentar. 

Kvalifikasjonar
Fagbrev barne- og ungdomsarbeidar og/eller relevant helsefagleg/pedagogisk bakgrunn.
Det vert vektlagt erfaring frå arbeid med barn med særskilde behov.

Personlege eigenskaper:
Du må kunne arbeida sjølvstendig med varierte arbeidsoppgåver.
Det vert stilt krav til gode samarbeids- og kommunikasjonsevne.
Godt humør og løysingsorientert tilnærming til oppgåver vert vektlagt.
Du må like å vere i fysisk aktivitet ute og inne.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    25.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3269725
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 11.11.2020