• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    03.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5634642
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 13.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Barne- og familiesjef

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med og bygge opp og utvikle det nye ansvarsområdet for Barn og familie i Øygarden kommune?  

Vi søker etter ein dyktig og utviklingsorientert Barne- og familiesjef.  

Øygarden kommune er ein vekstkommune med nær 40000 innbyggarar som har som visjon å vere eit fyrtårn i vest. Det skal vera godt å veksa opp i kommunen og det ligg mellom anna til barnevernet, ungdomstenesta og Barn, unge og familietenesta (BUFT) å sjå til at vi lukkast med dette.  

Stillinga som Barne- og familiesjef er nyoppretta etter ei omorganisering. Stillinga rapporterer til kommunalsjef for Oppvekst og har det øvste ansvaret for Barne- og familieområdet i kommunen. Dette inkluderer for tida helsestasjonane, skulehelsetenesta, flyktninghelsetenesta, jordmortenesta, kommunepsykologar for born og unge (BUFT) samt barnevernet og ungdomstenesta. Samordning og førebygging er viktige nøkkelord i ansvaret som ligg til stillinga. 

Barne- og familiesjefen er ein del av kommunalsjef for Oppvekst si leiargruppe og har eit medansvar for utviklinga av det samla kommunalsjefområdet. Leiingskompasset med verdiane modig, stolt, med glød og på lag  gjev retning for korleis vi utøvar leiarskap i kommunen.  

Ansvarsområdar 
  •  strategisk utvikling av ansvarsfeltet 
  • organisasjons-, fag- og kompetanseutvikling  

  • dagleg drift og leiing  

  • budsjett, økonomi- og verksemdstyring  

  • personalansvar for einingsleiarar og eventuelle stabsstillingar 

  • kvalitet, helse, miljø og tryggleik 

  • samhandling med  politisk leiing  

  • samarbeid og samordning på tvers i organisasjonen og særskilt mot tenesteområde i Helse og velferd 

  • partssamarbeid 

Kvalifikasjonar 
  • relevant universitets- eller høgskuleutdanning  

  • leiarerfaring, gjerne også frå leiing av leiarar 

  • fortrinnsvis erfaring frå eitt eller fleire område som ligg til ansvaret 

  • innsikt i offentleg forvaltning 

Personlege eigenskapar  
  • analytisk, strategisk og trygg med gjennomslagskraft  

  • positiv, tillitsskapande og samlande leiar som evner å sette retning 

  • utviklingsorientert og heilskapstenkande 

  • høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne 

  • planmessig og strukturert 

  • gode samarbeidsevner 

  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner 

Vi tilbyr: 
  • ei utfordrande stilling for deg som finn motivasjon i å bygge opp og sette spor 

  • motiverte og kunnskapsrike kollegaer 

  • konkurransedyktige vilkår 

  • gode pensjons- og forsikringsordningar 

Kontaktperson: 

Kommunalsjef for Oppvekst Marius Flesland Sylta, telefon 957 57 159.

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    03.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5634642
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 13.03.2024