Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Baneansvarleg kunstgrasbanar 100% fast - Park, plassar og torg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:


Øygarden kommune er ein inkluderande kommune som legg vekt på å leggje til rette slik at tilsette med ulike føresetnader skal ha ein god og meiningsfylt arbeidsplass.
Vi har no ledig ein spanande og utfordrande stilling tilknytt tenesteområde Park, plassar og torg. Tenesteområdet er ein del av Eigedom, drift og vedlikehald (EDV) og er lokalisert i Bildøybakken 105 nær Straume.
Tenesteområde sitt hovud ansvarsområde er å halde ved like grønt/parkanlegg ved kommunale bygg, turvegar, rydding av skog, vedlikehald av minnestøtter, leikeområder i samarbeid med Byggdrift, samarbeid med lag og organisasjonar.
Tenesta har 6 tilsette inkludert to VTA-O arbeidsplassar (varig tilrettelagt arbeid - i ordinær verksemd). Tenesta har no blitt tillagt nye oppgåver med vedlikehald av kommunen sine 9 kunstgrasbanar og treng i den samanheng å styrke bemanninga.
Stillinga som baneansvarleg vil i tillegg til ansvar for vedlikehald av kunstgrasbanane også være ein del av teamet som føl opp og legg til rette arbeidsoppgåver for VTA-O.
Visjonen til Øygarden kommune – eit fyrtårn i vest. Verdiane tilgjengeleg, raus, kompetent, løysingsfokusert og MOT- verdiane; MOT til å leve, MOT til å bry seg og MOT til å seie nei, skal saman med visjonen vere eit verdifellesskap, og prinsippa skal ligge til grunn for alt vi gjer.

Arbeidsoppgåver:

  • Slådding 2 gongar i veka i samsvar med FDV-instruks
  • Mindre reperasjonar/utskifting av dårlege felt, opprydding, kontroll/reinsing av slukar og drenering
  • Ettersyn og ordinært vedlikehald av gjerder, portar og tribunar
  • Større reperasjonar med ein viss økonominsk kostnad
  • Djuprens 1 gong i året
  • Reperasjonar og byte av lyspærer på flomlysanlegg
  • Kjøp av granulat(innfyll) til bana etter behov
  • Nok utvendige bosspann og containere til å tøme boss i
  • Ettersjå lager med vaskeutstyr/lyspærer m.m.
  • Ta aktiv del i oppfølging og tilrettelegging av oppgåver inn mot VTA-O
  • Samarbeid med dei respektive laga som nyttar banane

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Erfaring i arbeid å med mennesker som krev tilrettelegging og oppfølging
  • Sertifikat klasse BE som minimum

Ønskjeleg med:

  •  Fagbrev innan tømrar, byggdrift eller anna fag
  •  Erfaring frå drift og vedlikehald av kunstgrasbanar ei føremon

Personlege eigenskapar:

  • Vi søkjer etter ein person som kan omsette verdiane til Øygarden kommune i den praktiske kvardagen

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.