• Företag
    Gulen kommune
  • Ansökningstiden
    06.08.2023
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4370835
  • Se här för andra jobb från Gulen kommune
  • Uppdaterad 08.07.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Gulen kommune

Avdelingssjukepleiar, sone BBD

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. 

Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. 

Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som avdelingssjukepleiar ved sone BBD frå snarast. Stillinga er for tida knytt til turnus på Byrknes, men ved behov vil ein nytte ressursar i heile eininga. I stillinga er det både administrative oppgåver og oppgåver knytt til pleie og stell av pasientar. Turnus, med arbeid 3. kvar helg  

Kommunen tilbyr bonus på 100 000,- ved bindingstid på to år. Bonus vert utbetalt enten som eingongssum, eller ratevis gjennom dei to første åra - etter avtale. Vi har også nettopp innført ekstra tillegg på helg - ei ordning som skal evaluerast hausten 2024.   

  

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiefagleg ansvar  
  • Oppgåver som er lagt til avdelingssjukepleiar som t.d medarbeidarsamtalar, ulike kartleggingar osv.
  • Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane  
  • Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.  
  • Andre oppgåver som måtte komme til

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar 
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna:

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

Vi tilby:

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp med å skaffe bustad
  • Løn over tariff (leiarløn kap.4), ekstra helgetillegg, samt nyrekrutteringsbonus på 100 000,- ved binding i to år. 

 

 

 

 

  • Företag
    Gulen kommune
  • Ansökningstiden
    06.08.2023
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4370835
  • Se här för andra jobb från Gulen kommune
  • Uppdaterad 08.07.2023