Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
04.09.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4700683Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 27.08.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Avdelingssjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Sjukeheimen har ei langtidsavdeling og ei korttidsavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. Sjukeheimen ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio-/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.
Om stillinga
Sogndal helse og omsorgssenter har ledig følgjande stilling:
100 % vikariat som avdelingssjukepleiar frå 1.10.22 – 30.9.23 ved langtidsavdelinga, dagtid.
Arbeidsoppgåver:
- Ivareta det faglige, administrative og økonomiske ansvaret i sjukeheim, i tråd med gjeldande lovar, forskriftar og planar
- Personalansvar
- HMS og internkontroll
- Rapporteringsansvar
- Fremme trivsel og godt arbeidsmiljø
- Samarbeide med avdelingssjukepleiarar i dei andre tenestene
Kvalifikasjonar:
- Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
- Relevant utdanning innanfor leiing, eventuelt erfaring vil verte vektlagt
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Datakunnskap
Personlege eigenskapar:
- Løysingsfokusert
- Ser verdien av å legge til rette for at medarbeidarane dine skal få utvikle seg utifrå individuelle eigenskapar
- Sjølvstendig, lyttande og tydeleg på forventingar og tilbakemeldingar
- Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.
- Personlege eigenskaper vil verte vektlagde
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
- Løn etter avtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Mei legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
04.09.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4700683Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 27.08.2022