• Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    20.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6718, DEKNEPOLLEN
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3795451
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 04.05.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Mattilsynet

Avdelingssjef

Direktorater og tilsynsorgan

Mattilsynet arbeider for eit samfunn kor maten er trygg og dyra har det godt. Vil du vere med oss å jobbe mot denne visjonen? Er du ein leiar som ser heilskapen og vert motivert av å utvikle engasjerte og kompetente medarbeidare, og som får energi av å legge til rette for kontinuerleg forbetring og har god organisasjonsforståing? Då kan dette vere stillinga for deg. 

Avdeling Nordfjord har 16 tilsette, med kontorstadar i Måløy og Loen. Avdelinga er ein del av Region Sør og Vest som omfatta fylka Vestland, Rogaland og Agder. Avdelinga fører tilsyn med dei fleste fagområda Mattilsynet har i sin portefølge som animalsk, plantebasert og marin næringsmiddel- og råstoffproduksjon, tilhøyrande primærproduksjon, grensekontroll, drikkevann og detaljomsetning/servering. Som avdelingssjef er du ein del av leiargruppa i regionen og rapporterer til regiondirektøren. Mattilsynet er ein beredskapsorganisasjon som krev fleksibilitet og rask handtering av hendingar.  

Kvalifikasjoner:

Du har relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå, gjerne innan eitt av Mattilsynet sine ansvarsområde.

Du har erfaring med å leie medarbeidare med høg fagkompetanse, gjerne frå offentleg forvaltning. 

Du kommuniserer svært godt på norsk, både nynorsk og bokmål, og er oppteken av å bruke eit klart språk. 

Du er fortruleg med å bruke IKT-verktøy og å ta i bruk nye digitale løysingar.  

Du identifiserer deg med våre verdiar: åpen, raus, engasjert og reieleg.  

Du har førarkort klasse B. 

Personlige egenskaper:

Du tenkjer langsiktig og har god samfunns- og rolleforståing.
Du har evne til å leie medarbeidare i utviklingsprosessar og er resultatorientert.
Du skaper retning, bygger gode relasjonar og lagånd i avdelinga gjennom tydelig leiing.

Du motivere og utviklar andre, og legg til rette for kunnskapsdeling og samhandling.
Du forstår raskt komplekse spørsmål og gjer gode og rasjonelle vurderingar.

Vi tilbyr:

Eit spanande og meiningsfylt samfunnsoppdrag som har stor offentleg interesse.

Kompetente og engasjerte medarbeidare.  

Du får vere med å utvikle leiargruppa i regionen i ei tid med spennande omstilling.  

Løn som avdelingssjef, med startløn frå kr 750.000, avhengig av kvalifikasjonar og kompetanse. 

Gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Pensjonskassen. 

 

Slik søkjer du

Søknaden vert berre motteke elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.

Vi ber om at du laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.

 

  • Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    20.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6718, DEKNEPOLLEN
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3795451
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 04.05.2021