• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    05.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4678728
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 23.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Avdelingsleiarar 2x100% fast - Sund ungdomsskule og Stranda skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sund ungdomsskule- med røter i fjæra og retning mot framtida


Sund ungdomsskule er ein offentleg grunnskule som ligg sør i Øygarden kommune, i den delen som som fram til 2020 var Sund kommune. Til hausten blir vi 345 elevar fordelt på 13 klassar, og vi er 50 tilsette.

Elevane som går på Sund ungdomsskule kjem frå barneskulene Stranda, Spildepollen og Skogsvåg skular.

Sund ungdomsskule er ein Mot-skule, og vi nyttar både MOT sitt grunnprogram "Robust 12-16" og MOT sitt påbyggingsprogram "Skolen som samfunnsbygger". Skulen er også ein Olweus-skule. Det betyr at vi jobbar etter Olweusprogrammet, som er eit tiltaksprogram mot mobbing og antisosial åtferd.

Det blei gjennomført ei stor medarbeidarundersøking i kommunen for nokre år sidan, og der rapporterte kollegiet om svært høg trivsel, god medverknad og meningsfullt arbeid. Vi som arbeider her, trivst i kvarandre sitt selskap og finn på mykje kjekt saman, både i og utanfor arbeidstida. Kollegiet ved skulen er godt kvalifiserte og har høg kompetanse. Leiinga ved skulen består av rektor og tre avdelingsleiarar, som er ansvarlege for kvart sitt trinn.

Visjonen og slagordet til skulen er “Stolt ung stril - med røter i fjæra og retning mot framtida”. Skulen er opptatt av karakterbygging og identitet. Dette passar godt inn i arbeidet med den nye læreplanen, som skal vere eit verdiløft for skulen: Skulen har eit dobbelt samfunnsoppdrag,- den skal både danne og utdanne. Vi jobbar for ei meir praktisk undervisning for elevane våre, der tverrfaglegheit og tid til å gå i djupna på dei ulike emna blir viktig.

Stranda skule - Trivsel, leik og læring - hand i hand mot framtida!

Stranda skule ligg flott til heilt sør i Øygarden kommunen. I dag er det omlag 380 elevar på skulen vår, og den er den største barneskulen i kommunen. Det er 37 lærarar, 1 miljøterapeut, 1 SFO-leiar og 12 fagarbeidarar/ assistentar som har Stranda skule som arbeidsplass, inkludert leiinga.
Stranda skule er bygd ut gjennom fleire periodar og framstår i dag som ein moderne og framtidsretta skule. Vår visjon er: Trivsel, leik og læring - hand i hand mot framtida!

  • Arbeidsoppgåver:
  • Være ein aktiv deltakar i skulen sitt leiarteam og delta i utviklinga av skulen
  • Pedagogisk leiing og bidra til gode læringsprosessar i organisasjonen. For stillinga på Stranda skule er det ansvar og leiing av det faglege og pedagogiske arbeidet på 5.-7.trinn
  • Legge til rette for pedagogisk utviklingsarbeid, og delta i eit lærande fellesskap
  • Samarbeid med andre tenester og deltaking i skulen sitt tverrfaglege samarbeid
  • Følge opp læringsarbeidet og elevane si faglege utvikling
  • Dialog med føresette
  • Administrative oppgåver som t.d. vikararbeid, eksamensarbeid (ungdomsskule) 
  • Personaloppfølging
  • 40% av stillinga er undervisning

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
  • Undervisningskompetanse frå grunnskule eller anna relevant skuleerfaring
  • Pedagogisk kompetanse
  • Erfaring frå undervisning i grunnskulen eller anna relevant arbeid i grunnskulen
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Skuleleiarutdanning eller må ønskje å ta vidareutdanning i skuleleiing
  • Leiarerfaring, gjerne frå grunnskule
  • Erfaring med utviklingsarbeid
  • Erfaring i psykososialt- og spesialpedagogisk arbeid
  • Kunnskap om og erfaring med skuleutvikling og kulturbygging
  • God digital kompetanse

Vi ønskjer ein avdelingsleiar som:

  • ser på dei tilsette som ressursar
  • er ein god relasjonsbyggar
  • tar vare på og vidareutviklar det gode lærings- og arbeidsmiljøet på skulen
  • har gode evner til å samarbeide, lytte, rettleie og inspirere
  • er ein kreativ og inspirerande leiar
  • har gode digitale kunnskapar og kan vere med på å utvikle skulen sitt digitale arbeid
  • er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig
  • er strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • orienterer seg i pedagogisk utviklingsarbeid

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    05.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4678728
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 23.06.2022