Detaljer

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2020
  • Sted:
    VALDERØYA
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    VALDERØYA
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3288751
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune

Avdelingsleiar ved Giske omsorgssenter

Vil du bli vår nye avdelingsleiar? 100% fast stilling som avdelingsleiar er ledig frå 01.01.21.

Leiaroppgåvene er knytt til tre avdelingar ved Giske omsorgssenter, der vi har tilbod om langtidsopphald, kortidsopphald, avlastning, rehabilitering og palliative rom. Det er knytt 27 årsverk til avdelingane. Leiarteamet har kultur for samarbeid og hjelper kvarandre på tvers av teneste- og ansvarsområder.


Til stillinga ligg personalansvar samt fagleg og administrativt ansvar for bukollektiv-avdelingane.  Avdelingsleiar er ein del av leiarteamet i eininga som elles består av heimebasert omsorg, avdeling Hustruhamna, praktisk bistand, dagsenter og kjøkken. Einingsleiar er næraste overordna.


I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om politiattest av ny dato.


Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.

    

Arbeidsoppgåver
  • Dagleg drift av avdelingane Signalen, Kølve og Storhornet
  • Fagleg og administrativt ansvar, inkludert personalansvar
  • Fagleg rettleiing
  • HMT, legge til rette for godt arbeidsmiljø
  • Samhandling med brukarar og pårørande
  • Oppfølging av vedtak
  • Samhandling mellom tenester og andre instansar
  • Utviklingsarbeid og prosjektarbeid
Kvalifikasjonar
  • Offentleg godkjent sjukepleiar.
  • Det er ønskjeleg med leiarerfaring og leiarutdanning, ev. vere innstilt på å ta leiarutdanning
  • Kunnskap i relevant lovverk og turnusplanlegging
  • God digital kompetanse er ein føresetnad
  • God kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg
  • Interesse for og kunnskap om velferdsteknologi
  • Den som blir tilsett må ha sertifikat for bil og kunne disponere eigen bil i tenesta
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode leiareigenskapar og evne til å skape gode relasjonar og oppnå tillit
  • Interesse for og evne til nytenking og til å motivere til endring og utvikling
  • Fagleg dyktig med evne til å motivere
  • Heilskapleg tenking og evne til å sjå samanhengar
  • Evne til å arbeide strukturert og målretta
Vi tilbyr
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Eit tenesteområde i sterk utvikling og med stort fokus
  • Eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi
  • Konkurransedyktig løn
  • God pensjonsordning i Klp