Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
08.04.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6571058Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Giske Kommune
Avdelingsleiar ved Giske kommunale legekontor
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar ved Giske kommunale legekontor. Er du vår nye leiar som brenn for gode allmennlegetenster og lagspel?
Vi søkjer ein strategisk og trygg avdelingsleiar til legekontoret i Giske der du vil få ansvar for dagleg drift av kontoret med 11 fastlegar på driftsavtale (ASA 4310), samt tilhøyrande hjelpersonell som er fast tilsett i kommunen.
Drift av legekontoret er organisert i eining Barn,familie og helse og stillinga som avdelingsleiar er lagt under einingsleiar for eininga.
Eininga har andre avdelingar som helsestasjon, fysio/ergoterapi-avdeling, psykisk helseteam for barn og unge, barnevern og flyktningtenesta.
Avdelingsleiar for legetensta vil vere ein del av leiarteamet i eininga.
I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Relevant høgare utdanning, gjerne innan helse eller administrasjon/leiing. Søkjarar med relevant kompetanse utan formell utdanning, vil og bli vurdert.
- Leiarerfaring og/eller erfaring frå drift av legekontor og kjennskap til ASA 4310-avtaleverket er ønskjeleg.
- God på kommunikasjon og samhandling.
- Utviklings- og resultatsorientert.
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- God digital kompetanse.
Personlige egenskaper:
- Du er strukturert, positiv og løysningsorientert.
- Du evner å byggje gode relasjonar mellom ulike profesjonar.
- Du er trygg i leiarrolla og kan handtere krysspresset mellom kommunale rammer og næringsdrivande sine behov.
- Du har stor arbeidskapasitet.
- Du evner å jobbe godt både sjølvstending og i team.
Vi tilbyr:
- Ei spennande leiastilling i eit fagmiljø med høg kompetanse.
- Tilsetjing på kommunale vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale.
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
08.04.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6571058Se her for andre jobber fra Giske Kommune