• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    23.01.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4277804
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 07.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Avdelingsleiar - Servicetenester

Offentlige tjenester og forvaltning

 

Avdelingsleiar Servicetenester

Er du på utkikk etter ei spennande leiarstilling i hjartet av Ål kommune?

Som ny leiar vil du ha ei sentral rolle med stor moglegheit til å påverke utvikling av kvaliteten i tenestene og Servicetenester som avdeling. Du vil vere leiar for sju dyktige tilsette fordelt på to team: servicetorg og politisk sekretariat, og rapporterer til kommunens HR-sjef. Leiing utgjer omtrent 50% av stillinga, og du vil også bidra i Servicetorget og politisk sekretariat.

Arbeidsoppgåver
- Leie, koordinere og vidareutvikle fagområda.
- Personalansvar og tenesteutvikling.
- Effektivisere kvalitetssystem og rutinar.
- Vidareutvikle digitalisering av tenestene.
- Rettleie og bistå innbyggjarar og andre einingar.
- Generell sakshandsaming av administrative saker.
- Andre oppgåver etter behov.

Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på bachelornivå.
- Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- God IT- og systemforståing, gjerne erfaring med sosiale media.
- Leiarkompetanse/-erfaring er ønskeleg.


Personlege eigenskapar
- Trygg, tydeleg og god på kommunikasjon.
- Lagspelar og relasjonsbyggjar.
- Strategisk og løysingsorientert.
- Serviceinnstilt og glad i å omgås folk.
- Gode muntlege og skriftlege norskkunnskapar.

Me legg stor vekt på personlege eigenskapar hjå søkjarane.

Me tilbyr
- Jobb i ein utviklingsorientert kommune med fokus på å gi innbyggjarane dei beste tenestene.
- Utviklingsprogram for nye leiarar.
- Spennande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar.
- Arbeidsmiljø prega av humor og arbeidsglede.
- Hjelp med a finne bustad, garantert barnehageplass.
- Ei triveleg bygd å bu i.

Spørsmål om stillinga
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du få varsel om.

Kontaktperson
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med: HR-sjef Berit Albrecht, mobil: 93 26 99 70, e-post:berit.albrecht@aal.kommune.no eller
fungerande avdelingsleiar Inger Lervåg mobil: 902 00 629 – e-post: inger.lervag@aal.kommune.no

Søknadsfrist 23.01.2022

 

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    23.01.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4277804
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 07.01.2022