• Company
    Vang Kommune
  • Application deadline
    30.01.2022
  • Position function
    Helsepersonell
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Påkrevet
  • Address
    2975, VANG I VALDRES
    VANG
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4320468
  • Look here for other jobs from Vang Kommune
  • Updated 12.01.2022

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Vang Kommune

Avdelingsleiar psykisk helseteneste

Offentlige tjenester og forvaltning

Vang kommune har frå mars 22. ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar for psykisk helseteneste ved Helseavdelinga. 

Me søkjer ein engasjert medarbeidar, som likar utfordringar. Saman med kollegaer vil du vera med på spennande og varierte oppgåver, utvikle tenesten og kunne fremje folkehelse i form av førebyggjande arbeid. Fagleg utvikling står i fokus.  

Psykisk helseteneste er eit helsetilbod retta mot menneske med utfordrande livssituasjonar; livskriser, psykiske lidingar og konsekvensar av dette hjå den enkelte, deira familie og nettverk. Tilbodet består av samtaler individuelt og i grupper, heimebesøk, informasjon og rettleiing. Det er utstrakt samarbeid med andre tenester, internt og eksternt. 

Helseavdelinga består av helsesjukepleiarar, psykisk helseteneste, fysioterapeutar, ergoterapeut, kommunal psykolog (Øvre Valdres) og frisklivs - og folkehelsekoordinator. 

Psykisk helsteteneste består av 3 stillingar inkl fagleiar. Avdelingsleiar har fagansvar for tenesta, men personalansvaret ligg til leiar for Helseavdelinga.

Arbeidsoppgåver

Du vil ha det overordna faglege ansvaret for dagleg organisering, drift og fagutvikling av psykisk helseteneste. 

  • Individuell og gruppebasert behandling
  • Utforme behandlingsplanar samt ivareta dokumentasjonsplikt
  • Bidra med utarbeiding og oppfølging av fagplanar og rutinar for lovpålagt internkontroll
  • Mynde til å ta faglege avgjerde, ha ansvar for oppfølging og rettleiing av dei tilsette 
  • Kompetanseheving
  • Tverrfagleg samarbeid med deltaking i m.a: ansvarsgrupper, koordinerande eining, innsatsteam og førebyggande team. 
  • Delta i regionalt fagnettverk og regionale prosjekt/planarbeid
  • Leiar for psykososialt kriseteam
  • Forløpskoordinator

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som har:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, annan relevant bachelor innan helse- og velferdsområdet kan bli vurdert.
  • Fortrinnsvis vidareutdanning i psykiatri - dvs rus- og psykisk helsefaglege emner eller lang erfaring frå arbeid med personar med alvorlege psykiske lidingar, i kombinasjon med rusproblematikk
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode norskkunnskapar
  • Gode datakunnskapar
  • Førarkort kl B

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein dyktig avdelingsleiar som har:

  • Ynskje om å bidra til å vidareutvikle felles kultur og fagmiljø i verksemda
  • Gjerne leiarkompetanse: tryggleik og erfaring 
  • Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • God arbeidskapasitet, gjennomføringsevne og fleksibilitet ifht arbeidsoppgåver
  • Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner på tvers av faggrupper
  • Evne til å skape framdrift åleine, men og ilag med andre

Me vektlegg spesielt:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • Allsidigheit, kreativitet, motivasjon og engasjement 
  • Evne til sjølvstendig og systematisk arbeid 

Stillinga krev politiattest. Attesten må leggjast fram før tiltreding.

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseheving
  • God pensjonsordning og forsikringsvilkår
  • Løn  etter avtale og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad

Sjå meir på www.vangivaldres.no og  https://www.youtube.com/watch?v=wZkS7o1mtBU 



 

  • Company
    Vang Kommune
  • Application deadline
    30.01.2022
  • Position function
    Helsepersonell
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Påkrevet
  • Address
    2975, VANG I VALDRES
    VANG
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4320468
  • Look here for other jobs from Vang Kommune
  • Updated 12.01.2022