Bedrift
Vang KommuneSøknadsfrist
30.01.2022Stillingsfunksjon
HelsepersonellAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
PåkrevetAdresse
2975, VANG I VALDRES
VANG
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4320468Se her for andre jobber fra Vang Kommune
- Oppdatert 12.01.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vang Kommune
Avdelingsleiar psykisk helseteneste
Offentlige tjenester og forvaltning
Vang kommune har frå mars 22. ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar for psykisk helseteneste ved Helseavdelinga.
Me søkjer ein engasjert medarbeidar, som likar utfordringar. Saman med kollegaer vil du vera med på spennande og varierte oppgåver, utvikle tenesten og kunne fremje folkehelse i form av førebyggjande arbeid. Fagleg utvikling står i fokus.
Psykisk helseteneste er eit helsetilbod retta mot menneske med utfordrande livssituasjonar; livskriser, psykiske lidingar og konsekvensar av dette hjå den enkelte, deira familie og nettverk. Tilbodet består av samtaler individuelt og i grupper, heimebesøk, informasjon og rettleiing. Det er utstrakt samarbeid med andre tenester, internt og eksternt.
Helseavdelinga består av helsesjukepleiarar, psykisk helseteneste, fysioterapeutar, ergoterapeut, kommunal psykolog (Øvre Valdres) og frisklivs - og folkehelsekoordinator.
Psykisk helsteteneste består av 3 stillingar inkl fagleiar. Avdelingsleiar har fagansvar for tenesta, men personalansvaret ligg til leiar for Helseavdelinga.
Arbeidsoppgåver
Du vil ha det overordna faglege ansvaret for dagleg organisering, drift og fagutvikling av psykisk helseteneste.
- Individuell og gruppebasert behandling
- Utforme behandlingsplanar samt ivareta dokumentasjonsplikt
- Bidra med utarbeiding og oppfølging av fagplanar og rutinar for lovpålagt internkontroll
- Mynde til å ta faglege avgjerde, ha ansvar for oppfølging og rettleiing av dei tilsette
- Kompetanseheving
- Tverrfagleg samarbeid med deltaking i m.a: ansvarsgrupper, koordinerande eining, innsatsteam og førebyggande team.
- Delta i regionalt fagnettverk og regionale prosjekt/planarbeid
- Leiar for psykososialt kriseteam
- Forløpskoordinator
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som har:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, annan relevant bachelor innan helse- og velferdsområdet kan bli vurdert.
- Fortrinnsvis vidareutdanning i psykiatri - dvs rus- og psykisk helsefaglege emner eller lang erfaring frå arbeid med personar med alvorlege psykiske lidingar, i kombinasjon med rusproblematikk
- God muntleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode norskkunnskapar
- Gode datakunnskapar
- Førarkort kl B
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein dyktig avdelingsleiar som har:
- Ynskje om å bidra til å vidareutvikle felles kultur og fagmiljø i verksemda
- Gjerne leiarkompetanse: tryggleik og erfaring
- Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
- Fleksibel og løysingsorientert
- God arbeidskapasitet, gjennomføringsevne og fleksibilitet ifht arbeidsoppgåver
- Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner på tvers av faggrupper
- Evne til å skape framdrift åleine, men og ilag med andre
Me vektlegg spesielt:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Allsidigheit, kreativitet, motivasjon og engasjement
- Evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
Stillinga krev politiattest. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseheving
- God pensjonsordning og forsikringsvilkår
- Løn etter avtale og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Sjå meir på www.vangivaldres.no og https://www.youtube.com/watch?v=wZkS7o1mtBU
Bedrift
Vang KommuneSøknadsfrist
30.01.2022Stillingsfunksjon
HelsepersonellAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
PåkrevetAdresse
2975, VANG I VALDRES
VANG
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4320468Se her for andre jobber fra Vang Kommune
- Oppdatert 12.01.2022