• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    08.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Frekhaug
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3488466
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 16.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Avdelingsleiar- plan og byggesak - fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Ved tenesteområde Arealforvaltning har vi frå medio april ledig stilling som avdelingsleiar for Plan og byggesak.  

Som avdelingsleiar får du høve til å fronte eit saksområde som har stor betydning for innbyggjarane våre. Avdelinga er sterkt brukarorientert, med fokus på effektive arbeidsprosessar og høg kvalitet i tenesteproduksjonen ut mot kundane. Avdelingsleiar har ansvar for at oppgåvene som ligg til avdeling for Plan og byggesak vert utført med høg kvalitet, etter lovpålagte fristar og etter kommunen sine styrande dokument.

Om Plan og byggesak

Avdeling for Plan og byggesak er ei avdeling med 14 tilsette fordelt på byggesak og planforvaltning. Vi har arbeidsplassen vår i kommunehuset på Frekhaug, og kunderettleiing på Manger og i Knarvik. Avdelinga er ei av fire avdelingar ved Arealforvaltning, saman med Landbruk, Kart og oppmåling og Miljø og tilsyn. Arealforvaltning høyrer til sektoren Teknisk forvaltning og drift, saman med Eigedomsforvaltning og Drift og vedlikehald.

Arbeidsoppgåver

Avdeling for plan og byggesak har ansvar for sakshandsaming av planforslag etter plan- og bygningslova kapittel 12 og sakshandsaming av bygge-, dele og dispensasjonssaker etter kapittel 19 og 20. Avdelinga har og ansvar for kunderettleiing innanfor sitt ansvarsområde.

Avdelingsleiar har heilskapleg fag-, økonomi og personalansvar for si avdeling, og har ansvar for den daglege drifta på avdelinga. I rolla som avdelingsleiar må du ha god kompetanse og forståing for faget.

Du må arbeide effektivt, systematisk og målretta mot dei måla som ligg i overordna føringar og mål for sektoren/tenesteområdet. Avdelingsleiar har ei viktig rolle i å sikre bruk av dei systema kommunen tar i bruk innanfor sitt område, og må  etablere og følgje opp rutinar som gjeld internt på avdelinga og på tvers av avdelingar/tenesteområde.

Vidare må du vere kontaktskapande og samlande, samarbeide godt og legge vekt på god service både internt og eksternt. God personalleiing er avgjerande for produksjonen, og avdelingsleiar er ein nøkkelperson for utvikling av godt medarbeidarskap. Det er viktig at avdelingsleiar har forståing for at dei tenestene som avdelinga leverer er eit ledd i tenesteproduksjonen til heile Alver kommune. Deltaking i tverrfagleg samarbeid og sikre gode samarbeidsrutinar på tvers av fagområda ligg til stillinga.

Kompetanse

  • relevant høgare høgskule eller universitetsutdanning som t.d. arkitekt/ingeniør/jurist.
  • god kunnskap om plan- og bygningslova og forvaltningslova
  • erfaring frå offentleg forvaltning
  • erfaring frå sakshandsaming av plan- og byggesaker
  • ønskjeleg med leiarerfaring
  • førarkort for bil

Våre forventningar til deg

  • du har god kompetanse innanfor fagområdet
  • kan sikre bruk av system, rutinar og anna rammeverk
  • er sjølvstendig God samarbeidsevne
  • evne til å kommunisere godt både skriftleg og munnleg
  • har høgt kundefokus og er serviceinstilt
  • endringsvillig
  • er kontaktskapande og har evne til å motivere andre
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • er strukturert og systematisk

Vi tilbyr

  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • løn etter avtale
  • fleksibel arbeidstid
  • gode forsikringsordningar
  • god pensjonsordning
  • ein trygg jobb

Slik søker du

Høyres dette interessant ut? Vi høyrer gjerne frå deg. 

Vi bruker EasyCruit som rekrutteringskanal. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR - rådgivar Hilde Kleivdal på e-post hilde.kleivdal@alver.kommune.no

 

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    08.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Frekhaug
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3488466
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 16.02.2021