Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Kvam Herad i Brønnøysund

ER DU VÅR NYE ENGASJERTE AVDELINGSLEIAR?

Avdelingsleiar Øystese skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

ER DU VÅR NYE ENGASJERTE AVDELINGSLEIAR?

Øystese skule er ein barneskule for 1.-7. trinn, sentralt plassert i vakre Øystese sentrum med Hardangerfjorden som næraste nabo. Skuleåret 2024/2025 har skulen 250 elevar, rektor, to avdelingsleiarar, sekretær, 28 lærarar, sju fagarbeidarar, to miljørettleiarar og tre lærlingar. Dei tilsette har høg fagleg kompetanse og god samarbeidskultur. Variasjon i undervisning og arbeidsmåtar, gode relasjonar og inkluderande klasseleiing er viktig i Kvammaskulen.

Alle skulane i Kvam har støttesystem som gjev rask hjelp til elevar når behov dukkar opp. Skulen har eit aktivt og engasjert elevråd og foreldregruppe som støttar opp om eit trygt og godt skulemiljø.

Utviklingsområde skulen har fokus på: Implementering av ny læreplan, BTI (Betre tverrfagleg innsats),VFL (vurdering for læring) ,LP (læringsmiljø og pedagogisk analyse) og Udir si oppfølgingsordning med trygt og godt skulemiljø, ordinær og inkluderande undervisning og leiarstøtte som fokusområde.


Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar vil du:

  • ha oppgåver som inneber fag- og personalansvar i skulen sitt leiarteam
  • vidareutvikla ein trygg og god skule, med eit inkluderande læringsmiljø for elevane
  • leia, motivera og utvikla eit profesjonelt læringsfellesskap som støttar og utfordrar
  • bruka forskingsbasert kunnskap og skapa engasjement om felles mål i tråd med LK 20
  • leggja til rette for at lærar/fagarbeidarar vert tildelt oppgåver ut frå kompetanse slik at læringsutbytet for kvar elev aukar
  • prioritera mellom mange arbeidsoppgåver og møta det uforutsette med ro, tryggleik og godt humør
  • støtta rektor i å driva skulen i tråd med vedtekne rammer, politiske og administrative vedtak og lovverk
  • involvera og samarbeida med elevar, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • godkjent pedagogisk utdanning for barneskule jf. forskrift til opplæringslova § 14-3
  • digital kompetanse og interesse for digital utvikling av skulen
  • erfaring frå undervisning på 1.-7 trinn er ei føremon
  • skuleleiarerfaring og/eller nasjonal skuleleiarutdanning er ei føremon

Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Personlege eigenskapar

Me legg vekt på personlege eigenskapar som:

  • gode relasjons- og samarbeidsevner
  • at du er trygg, tydeleg, strukturert og systematisk
  • at du har evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
  • gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
  • engasjement og fleksibilitet
  • at du evnar å arbeida systemretta, sjå heilskapen og utvikla Kvammaskulen i tråd med lovverk, læreplanar og politiske føringar

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø og teamkultur
  • leiarsamlingar med alle 80 leiararane i kommunen
  • systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet
  • spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.