• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    03.06.2022
  • Sted:
    LANGEVÅG
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    LANGEVÅG
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4621980
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
Ledig stilling

Sula kommune

Avdelingsleiar- Molvær senter 

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sula kommune har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar i Bu- og aktivitetstenesta ved Molvær senter.

Molvær senter er ei produksjonsverksemd som gir tilbod om sysselsetting, aktivisering og opplæring til personar med ulik grad av funksjonshemming. Senteret består av fem avdelingar og tilbyr stor variasjon i aktivitet og arbeid. Senteret er lokalisert saman med vaksenopplæringa.

Senterets målsetting er å skapa trygge og opplevelsesrike arbeidsdagar for arbeidstakarne, leggje til rette for utvikling og læring, og sørge for trivsel og glede på arbeidsplassen.For å ivareta dette arbeidet har senteret ei variert stab av tilsette, med ulike fag-, og erfaringsbakgrunnar.

Molvær Senter har eit mangfald av oppgåver og utfordringar. Som leiar må du vere fleksibel, ha kunnskap og vilje til å trå til i situasjonar der det er naudsynt. Senteret har i tillegg ansvar for Sula kommune sitt hjelpemiddellager. Det inneberer arbeid med mottak av hjelpemiddel frå NAV, levering og henting, reinhald, lagring og system/orden på lager. 

Senteret søker ny leiar. Vi ser etter ein person som kan ivareta og utvikle senteret i tråd med målsettinga, og som kan støtte og inspirere tilsette i arbeidet. 

Stillinga er ledig frå 01.09.2022.

Kvalifikasjoner:

  • Vi søkjer personar med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, eller anna relevant pedagogisk høgskuleutdanning. 
  • Leiarutdanning/leiarerfaring er ynskjeleg.
  • Erfaring og praksis med arbeidstidsordningar, turnusarbeid og ressursstyring.
  • Du må ha kunnskap og erfaring frå arbeid med mennesker med funksjonshemmingar og kognitiv svikt.
  • Du må kunne leiie og inspirere ei aktiv personalgruppe og du vil få ansvaret for fagleg oppfølging og vidareutvikling gjennom blant anna internundervisning.
  • Kunnskap om profesjonalitet, etikk, lov og regelverk. 
  • Vi søkjer personar som likar praktisk arbeid.
  • Relevant praksis og erfaring vert føretrekt.
  • Krav om førarkort og politiattest.
  • Datakunnskap
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Oppgje referanse.

Personlige egenskaper:

  • Forutan gode og faglege kvalifikasjonar, ser vi etter ein person med god framferd som likar å arbeide med menneske.
  • Du må vere stabil, fleksibel, pliktoppfyllande og tålmodig.
  • Evne til å motivere og engasjere
  • Løysningsorientert og stor interesse for fagfeltet 
  • Du må ha gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd.

Vi tilbyr:

  • Eit aktivt og kreativt arbeidsmiljø.
  • Mangfoldig brukergruppe
  • Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
  • Tilsetting på vanlege kommunale vilkår.
  • God opplæring med moglegheit for fagleg påfyll.
 

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    03.06.2022
  • Sted:
    LANGEVÅG
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    LANGEVÅG
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4621980
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune