• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    19.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5566918
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 06.02.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Avdelingsleiar i 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 400 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Vil du vera med å utvikle tenester for våre brukare på Tednebakkane omsorgssenter?

Då håper vi du vil søkje på stilling hos oss.

Tednebakkane Omsorgssenter er ein institusjon som ligg idyllisk til på Rong med utsikt mot Hjeltefjorden. Vi har eige institusjonskjøkken og dagavdeling. Sjukeheimen er inndelt i 3 avdelingar: Somatisk avdeling med 21 plassar, dementavdeling med 20 plassar og forsterka skjerma avdeling med 4 leilegheiter. Vi har eigen aktivitetsterapeut og lege kvar dag, og fysioterapi og ergoterapi ved behov.

Vi ser etter deg som ønskjer å gjere ei forskjell, og som vil vera pådrivar i arbeidet med å tilpasse oss morgondagens behov. Du viser engasjement i arbeid ditt og er opptatt av eit miljø der ein skal yte tenester av høg kvalitet. Du er ein god relasjonsbyggjar og bidreg til utvikling av tenestene våre. Du er opptatt av å skape gode relasjonar med bebuarar, pårørande og å skape gode arbeidstilhøve for tilsette.

Ein del av primæroppgåvene vil vera:
  • Ansvar for dagleg drift, turnus og tilrettelegging av tenesta
  • Ansvar for innhald, kvalitet og utvikling av tenestetilbod saman med einingsleiar
  • Delegert personal- og fagansvar. Opplæring og oppfølging av tilsette både fagleg og administrativt
  • Medansvar for økonomi og sikre god økonomisk styring
  • Sikre at brukarane får fagleg forsvarlege tenester og brukarmedverknad
  • Relasjonsorientert og endringsbasert leiing
  • Tverrfagleg samarbeid og samarbeid på tvers av avdelingane
  • Ansvar for oppgåver som til ein kvar tid måtte bli delegert frå einingsleiar
Kvalifikasjonar: 
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Leiarerfaring, evt. vidareutdanning eller påbegynt vidareutdanning innan administrasjon og leiing

  • Gode samarbeidsevner og opptatt av god kommunikasjon
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • Ønskjeleg med vidareutdanning og/eller lang og brei erfaring innan aldring og eldreomsorg/ demens
  • Ønskjeleg med erfaring med velferdsteknologi, gjerne vidareutdanning innan velferdsteknologi
  • Ønskjeleg med erfaring frå omstillingsarbeid
Vi søkjer ein leiar som:
  • har evne til å sjå sine medarbeidarar og saman byggje felles kultur.
  • evnar å vera fleksibel og utviklingsorientert
  • er opptatt av å skape gode relasjonar og bidra til arbeidsglede.
  • evnar godt å samarbeide i leiarteam, samt å arbeide sjølvstendig og kunne ta slutningar.
  • finn gode løysingar innanfor gjeldande rammer av fag, kvalitet og økonomi.
  • ser moglegheiter framfor avgrensingar i dagleg drift og som tør å tenkje nytt og utfordre etablerte ordningar der det er hensiktsmessig.

 Personleg eigna til stillinga vil bli høgt vektlagt.

 Vi tilbyr:
  • Eit arbeidsmiljø der vi saman er opptatt av å finne gode løysingar
  • Ei avdeling med erfarne, fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Interessante utfordringar
  • Leiarnettverk med avdelingsleiarar på institusjonane i kommunen
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gratis parkeringsplass
  • Løn etter avtale
Kontakt:

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    19.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5566918
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 06.02.2024