• Bedrift
    Bergen kommune
  • Søknadsfrist
    01.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5014, BERGEN
    BERGEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4877078
  • Se her for andre jobber fra Bergen kommune
Ledig stilling

Bergen kommune

Avdelingsleiar grunnskule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ytre Arna skule treng ny avdelingsleiar for 1.-3.trinn, samt skulen sin Velkomstklasse. Ytre Arna skule er berre ein kort køyretur frå Åsane senter eller Øyrane Torg. Vi har om lag 230 elevar og 50 tilsette. Vi ser etter deg som meiner at mangfald er ein ressurs, og som brenn for at alle på skulen skal ha ein trygg og lærerik skuledag. Skulen har utarbeida ein eigen plan for arbeidet med trygg skulekvardag, «Standard for tryggheit og trivsel», som gjeld både skulemiljø og arbeidsmiljø.

På Ytre Arna skule vil du leie ei raus og inkluderande personalgruppe som er svært utviklingsorientert.  Vi tar utviklingsarbeid på alvor og vårt hovudsatsingsområde «Inkluderande skulemiljø og inkluderande undervisning» er ein raud tråd i alt arbeid vi gjer saman i profesjonsfellesskapet. På Ytre Arna skule har vi tru på at alle kan og vil lære. Hos oss blir du ein del av skulen sitt leiarteam saman med rektor, avdelingsleiar for mellomtrinnet og avdelingsleiar for SFO. Leiarteamet er tilgjengelege for alle på skulen, og vi er opptekne av å høyre kva skulen sine elevar, tilsette og føresette meiner.


Skal du arbeide hos oss må du sjå verdien av å bruke mykje av tida di der elevar og tilsette er. Vi har stor tru på at ved å vere tett på elevane i leik og læring tar vi betre avgjerder for skulen vår.  Kjenner du at dette er noko for deg? Då ønskjer vi at du søkjer på den faste stillinga som avdelingsleiar ved Ytre  Arna skule. 

Arbeidsoppgaver:

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna ansvar for 1.-3.trinn og Velkomstklassen
  • Personalansvar på eiga avdeling
  • Arbeid med elevane sitt skulemiljø
  • 30 % undervisning på eiga avdeling
  • Leie skulen sitt utviklingsarbeid saman med resten av leiarteamet på skulen
  • Oppfølging av skulen sitt spesialpedagogiske arbeid
  • Oppfølging av skulen sitt migrasjonspedagogiske arbeid
  • Resultatoppfølging
  • Vikaransvar
  • Administrative oppgåver

Kvalifikasjoner:

Kvalifikasjonar:

  • Undervisningskompetanse for 1.-7.trinn, samt erfaring frå undervisning på barnetrinnet
  • Kompetanse om opplæring for 1.-3.trinn, samt kompetanse innan migrasjonspedagogikk
  • God IKT- kompetanse

Personlige egenskaper:

Personlege eigenskapar:

  • Du er positiv, har godt humør, er fleksibel, ryddig og raus
  • Du liker å ha kontordøra di open slik at elevar, tilsette og føresette lett kan nå deg
  • Du har god arbeidskapasitet og kan ta i eit ekstra tak når det vert krevd
  • Du ser, høyrer og anerkjenner elevar, tilsette og føresette
  • Du meiner at å arbeide for medverknad frå elevar, tilsette og føresette er viktig
  • Du er oppteken av at å skape gode relasjonar til alle på skulen og i skulen sitt nærmiljø
  • Du er god til å skrive, og er oppteken av at administrative oppgåver skal løysast i tråd med Bergen kommune sine føringar

Vi tilbyr:

Vi tilbyr:

  • Ein skule med stort mangfald, mykje humor og varme vaksne
  • Eit hardtarbeidande og utviklingsorientert profesjonsfellesskap
  • Ei målretta og humørfylt leiargruppe
  • God moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter gjeldande regelverk
 

  • Bedrift
    Bergen kommune
  • Søknadsfrist
    01.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5014, BERGEN
    BERGEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4877078
  • Se her for andre jobber fra Bergen kommune