Detaljer

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    08.10.2020
  • Sted:
    Tysse
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Tysse
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3178151
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Avdelingsleiar for kultur - vikariat i 60 % stilling

Avdelingsleiar for kultur skal i permisjon og me søkjer vikar i 60 % stilling, ut august 2021 med moglegheit for forlening. Kulturavdelinga består av kulturkontor, kulturskule, bibliotek, frivilligsentral og folkehelse. Kulturavdelinga ligg under eining for innbyggarservice saman med servicesenteret og NAV.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Har det faglege og administrative ansvaret for avdelinga
  • Personal- og økonomiansvar
  • Skal sikra at kommunen utøver tenestene i tråd med lover og tilhøyrande forskrifter, føresegner, avtaler, vedtekne retningslinjer og planar som gjeld innanfor kulturområdet
  • Avdelingsleiaren sine arbeidsområder omfattar kulturaktivitetar, idrett og friluftsliv, kulturminne, stadnamn, kulturbasert næring, reiseliv og folkehelse
  • Drift, sakshandsaming og administrative oppgåver innan arbeidsområda ovanfor
  • Samningaveko
  • Tursti- og digitaliseringsprosjekt
  • Oppfølging av dagsturhytteprosjektet
  • Noko kvelds- og helgearbeid


Kvalifikasjonar:

  • Relevant 3-årig høgare utdanning
  • Anna relevant arbeidserfaring kan kompansera for manglande utdanning
  • God kompetanse innan økonomi og budsjett
  • Gode IKT kunnskapar og ønskeleg med erfaring frå ulike administrative datasystem
  • Ønskeleg med erfaring frå leiing


Personlege eigenskapar:

  • Søkar må ha gode samarbeidsevner, vera serviceorientert, utadvendt og kunna kommunisera godt skriftleg, munnleg og digitalt overfor ulike målgrupper og aktører
  • Me søker ein person som er strukturert og nøyaktig, initiativrik, kreativ og ansvarsfull
  • Å vera personleg eigna for stillinga vil bli tillagt stor vekt


Me tilbyr:

  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Godt og inkluderande arbeidsmiljø


Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfold, og at våre tilsette skal gjenspeigla befolkninga forøvrig. Me oppforda alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legger vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.