• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    28.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5189409
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 12.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Avdelingsleiar for 8.-10. trinn.

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig 100% fast stilling som Avdelingsleiar for 8.-10. trinn. I rolla som avdelingsleiar vert du ein viktig bidragsytar i utforminga av skulekvardagen for elevar og tilsette og du vil være ein del av eit leiarteam med rektor og avdelingsleiarar. I utgangspunktet er det lagt opp 60 % administrasjon, resten av stillinga til undervisning, men ansvarsfordelinga mellom leiarane vil vere avgjerande for det.

Vi ønskjer oss ein pedagogisk og administrativt dyktig leiar, gjerne med kjennskap til pedagogisk utviklingsarbeid. Som avdelingsleiar vert du ein sentral person i den praktiske drifta av skulen. I tillegg til å vere viktig for elevane si læring og utvikling, vil du få eit ansvar for det pedagogiske utviklingsarbeidet

Nye Dingemoen 1-10-skule stod ferdig hausten 2021, og vi har fått ein flott skule med topp arbeidstilhøve for tilsette, ein skule med gode spesialrom og eit stort og flott uteområde for elevane.


Arbeidsoppgåver
  • Avdelingsleiar med personalansvar for avdeling 8.-10
  • Tett samarbeid med rektor og rådgjevar
  • Leie og motivere medarbeidarane til samarbeid og målretta innsats for elevane si utvikling og læring
  • Vidareutvikle det pedagogiske arbeidet og kommunen sine satsingsområde til beste for elevane si faglege og sosiale utvikling
  • Involvere og samhandle med tilsette, foreldre og elevar om å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar
  • Godkjend pedagogisk utdanning
  • Minimum tre års praksis med pedagogisk arbeid frå ungdomstrinnet
  • Leiarutdanning. Kan og gjennomførast seinare
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
  • Vi legg vekt på at ein er personleg eigna for stillinga

Personlege eigenskapar
  • Tydeleg
  • Framtidsretta og utviklingsorientert
  • Handlekraftig, med ein inkluderande og motiverande leiarstil
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi tilbyr
  • Ein spanande og viktig jobb
  • Eit hyggeleg og engasjert kollegium
  • Kommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale

Høyrest dette interessant, utfordrande og ikkje minst spanande ut? Ta gjerne kontakt for meir informasjon.


Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    28.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5189409
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 12.05.2023