• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    30.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Vestnes
    VESTNES
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3274499
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 13.11.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Avdelingsleiar - Bu- og habiliteringstenestene

Offentlig forvaltning

Stillingstype
Vi søkjer etter avdelingleiar til ledig 100 % fast stilling. Avdelingsleiar vert i stab med einingsleiar. Stillinga er ledig frå snarast.

Arbeidsstad
Staben i bu- og habiliteringstenestene har kontor i nærleiken av Vestnes sentrum og består i dag av 1 einingsleiar og 5 avdelingleiarar. Avdelingsleiararne har ansvar for økonomi, personaloppfølging, plan, strategi og saksbehandling for heile tenesteområdet. Bu-og habiliteringstenestene søkjer deg som saman med leiinga ønskjer å vere med på å vidareutvikle eininga i eit framtidsperspektiv.

Arbeidsoppgåver
- fagleg ansvarleg, personal og økonomi ansvar for sine bueiningar
- ansvar for koordinering av tenestene i bueiningar og personaloppfølging
- oppfølging av administrative oppgåver
- sikre at drift samsvarar med aktuelt lovverk
- ansvar for ajourhald av internkontroll og andre administrative rutinar
- andre oppgåver etter delegering frå einingsleiar

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar med 3 årig utdanning innan helse- og sosialfag. Det er ønskjeleg med vidareutdanning i leiing.

For stillinga legg vi vekt på følgjande eigenskapar og innstilling til arbeidet:
- god kunnskap om personer med psykisk utviklingshemming.
- god kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga, særskilt Helse- og omsorgstenestelova kap.9
- god kommunikasjonsevne
- strukturert, fagleg orientert og har stor arbeidskapasitet
- evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- omstillingsdyktig og bidra positivt i endringsarbeid
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- lojalitet overfor administrativ og politisk leiing
- minimumskrav om bestått språkopplæring på nivå B2
- beherske data og andre IKT verktøy godt
- erfaring med aktuelle arbeidsoppgåver som ligg til stilling vert vektlagt

Personlege eigenskapar
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna, som stabil og fleksibel
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- du må være lojal, strukturert og være ein tydeleg leiar
- ha stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr
- tverrfagleg leiar team
- inkluderande arbeidsmiljø
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- lønn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar etter gjeldande tariffavtalar

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.


Ved tilsetting krev vi politiattest og den skal ikkje vere eldre enn 3 månader.


Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referansar.

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli vurdert.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.


Søkjarlista kan bli offentliggjort.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    30.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Vestnes
    VESTNES
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3274499
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 13.11.2020