• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3776289
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 27.04.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Avdelingsleiar bibliotek (biblioteksjef) 100 % - fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Frå 1.september har vi lediig stillig som bibilioteksjef/avdelingsleiar for biblioteket.

Om Strilabiblioteket

Strilabiblioteket har 13 tilsette, og består av tre likestilte avdelingar på Frekhaug, i Knarvik og på Manger, med kvar sine ansvarsområde. I tillegg er det eit nærbibliotek i Lindåshallen og ein bokbuss som oppsøkjer barnehagar og skular. Knarvik bibliotek har ansvaret for utviklinga av den faglitterære samlinga og skal samordne arrangementa ved biblioteka. Frekhaug bibliotek har ansvaret for utviklinga av den skjønnlitterære samlinga og katalogavdeling. Biblioteket på Manger har ansvaret for tilbodet til barn og ungdom. Bokbussen er lagt til avdelinga. Avdelingsleiar koordinerer drifta ved biblioteka. Strilabiblioteket vart kåra til årets bibliotek av Norsk bibliotekforening, avdeling Hordaland i 2018.

Arbeidsoppgåver

  • Strategisk leiing og koordinering av drift
  • Ivareta plan- og utviklingsarbeidet av biblioteket sine tenester
  • Leie verksemda og ha overordna ansvar for personale, tenesteproduksjon og økonomien til biblioteket
  • Samarbeid internt og eksternt i kommunen. Delta i fast organisert samarbeid med biblioteka i Nordhordland, og prosjektansvarleg for biblioteket sine prosjekt
  • Sporadiske vakter ved avdelingane og ansvaret for nokre av arrangementa.

Kompetansekrav

  • Minimum treårig bachelorutdanning i bibliotek- og informasjonsvitenskap
  • Relevant praksis og røynsle frå personal- og økonomiansvar
  • God skriftleg framstillingsevne på nynorsk

Ønskt kompetanse

Det er ønskjeleg med masterutdanning innan bibliotek- og informasjonsfag eller organisasjons- og leiingsfag. Erfaring frå prosjekt-/utviklingsarbeid er ein fordel.

Vi søkjer etter deg som er:

  • Utviklings- og løsningsorientert, og har analytiske evner og gjennomføringsevne
  • Engasjert og har evne til å ta initiativ
  • God på samarbeid og kommunikasjon, og liker å jobbe på tvers
  • Serviceinnstilt og fleksibel
  • Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, med hyggelege, engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Sjølvstendig arbeid i ein spanande organisasjon med stor aktivitet

Vi tilbyr

  • Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, med hyggelege, engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Sjølvstendig arbeid i ein spanande organisasjon med stor aktivitet
  • Lønn og tilsetjingvilkår i samsvar med lov - og avtaleverk

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3776289
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 27.04.2021