• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    03.08.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6662030
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Ledig stilling

Aukra kommune

Avdelingsleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Aukra kommune har ledig stilling som avdelingsleiar for 1.-4. trinn ved Julsundet skole

Skolen satsar på å ha eit sterkt lag rundt eleven. Vi har tro på utvikling gjennom samhandling der alle yrkesgruppene deltek med sin kompetanse.

Skolane (1. -4. trinn) og barnehagane i Aukra skal komande år samarbeide med NTNU Skrivesenteret om språkutvikling. Aukra kommune har fokus på tilknytingspsykologi, og alle tilsette som jobbar med barn og unge blir kursa i Trygghetssirkelen.

Den som blir tilsett må ha godkjent undervisningskompetanse og erfaring med arbeid innan utdanningsfeltet. Vi ønsker oss ein avdelingsleiar som har eit positivt menneskesyn og som søker utvikling for seg sjølv, elevar og tilsette på skolen. Vi søker ein avdelingsleiar som er lojal, tydeleg og målretta i sitt arbeid, og som brenn for utviklingsarbeid i skolen. Som avdelingsleiar må du sjå verdien av å vere ein del av eit større lag med elevar, føresette og tilsette.

Vi søker etter deg som kan bidra i ei samla og handlekraftig leiargruppe som består av rektor og tre avdelingsleiarar. Leiargruppa fordeler arbeidsoppgåvene ut frå den kompetansen medlemmene av gruppa har. Som avdelingsleiar må du vere budd på at arbeidsoppgåver og trinntilknyting kan bli endra. Om lag 40 % av avdelingsleiarstillinga vil vere undervisning.

Arbeidsoppgåver og forventningar til deg som avdelingsleiar

  • Du bidreg til at dei tilsette blir utfordra og utviklar seg
  • Saman med dei andre i skolen si leiargruppe er du ein del av eit heilskapleg og samla leiarskap
  • Du bidreg til stabil dagleg drift og god oppfølging av elever og tilsette
  • Du er med på å vidareutvikle profesjonsfellesskapet på skolen og på å skape ein kultur for læring i eit inkluderande, trygt og godt skolemiljø
  • Du støttar tilsette og elevar i oppfølging av nasjonale prøver, elevundersøkinga og liknande
  • Du er fleksibel og tek oppgåver som er nødvendig for at skolen, elevane og dei tilsette skal utvikle seg
  • Du er saman med dei andre i skoleleiinga sentral i arbeidet med timeplan og organisering av undervisninga
  • Du kan bidra til og organisere individuelt tilrettelagt opplæring
  • Du er budd på å ta oppgåver som gjeld heile skolen


Ønskelege kvalifikasjonar
• God digital kompetanse
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne
• Erfaring i å coache og rettleie andre
• Vidareutdanning i utdanningsleiing/skoleleiing
• God kunnskap om aktuelt lovverk og forvaltningsoppgåver
• Erfaring i å leie endrings- og medverknadsprosessar
• Spesialpedagogisk kompetanse og erfaring med individuelt tilrettelagt opplæring
• Erfaring frå arbeid med skolemiljø

Personlege eigenskapar
• Du har eit positivt elevsyn, og har evne til å byggje gode relasjonar med tilsette, elevar og føresette
• Du er ein tydeleg, varm og trygg leiar
• Du tar i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elever og tilsette
• Du er systematisk og strukturert
• Du har høge ambisjonar for kvar elev
• Du er positiv, fleksibel, samarbeidsvillig og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker oss.

Vi tilbyr
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Kommunale tilsettingsvilkår og løn som fagleiar (stillingskode 7954)
• Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
• Eit godt arbeidsmiljø

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring i offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.

Politiattest
Dei som vert tilsette må kunne legge fram godkjent politiattest.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadshandsaming. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Søk på stilling»

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    03.08.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6662030
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune