Bedrift
Bergen kommuneSøknadsfrist
14.12.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5014, BERGEN
BERGEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5972921Se her for andre jobber fra Bergen kommune
Bergen kommune
Avdelingsleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Garnes ungdomsskule er ein skule med ca. 420elevar og 60 tilsette. Skulen ligg fint til på Garnes, 10min. med buss frå Arna stasjon og terminal. Vi flyttar inn i nytt skulebygg med fleksible areal desember 2025. I dag har vi mellombelse lokalar i Garnesstølen 63 (tidl. Arna gymnas). Vi har eit triveleg arbeidsmiljø, og nærmiljø med mogelegheit for varierte aktivitetar.
Skulen arbeider for eit trygt og godt læringsmiljø, og vår visjon er «Læring og trivnad for alle». Vi arbeider etter PALS-modellen.
Skulen er organisert med tre avdelingsleiarar som i lag med rektor er skulen sitt leiarteam. Avdelingsleiar har personalansvar, ansvar for utviklingsarbeid, praktisk tilrettelegging og elevoppfølging på sitt trinn. Stillinga er fast og ledig frå snarest. Vi søkjer ein sjølvstendig leiar som er prosessorientert, strukturert og målretta. Ein leiar som har gode evner til å kommunisere med, og motivere, tilsette og elevar.
Kvalifikasjoner:
- Godkjent lærarutdanning for undervisning på ungdomstrinnet.
- Undervisningserfaring frå ungdomstrinnet.
- Ønskjeleg med erfaring som skuleleiar.
- God fagleg og digital kompetanse. Kunnskap om Bergen kommune sine administrative datasystem er ein føremon.
- God relasjonskompetanse og gode kommunikasjonsevner.
- Utdanning frå utlandet -krev godkjenning.
- Meistre norsk svært godt, munnleg og skriftleg, bokmål og nynorsk.
- Gyldig politiattest.
Personlige egenskaper:
- Du er open, fleksibel, løysingsorientert, og du vil aktivt medverke til å vidareutvikle skulen og det gode arbeidsmiljøet.
- Du jobbar godt i team, men er også sjølvstendig og tar eigne avgjerder.
- Som leiar bør du vere tydeleg, sjå mogelegheiter, syne entusiasme, og vere utviklings- og endringsorient.
- Du kan skape og utvikle gode relasjonar til elevar, føresette og tilsette.
- Ha eit reflektert lærings- og elevsyn, og ha lyst til å utgjere ein skilnad for elevar og tilsette.
Vi tilbyr:
- Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar.
- Gode mogelegheiter for vidare personleg og fagleg utvikling.
- Stor mogelegheit for påverknad i eit utviklingsorientert leiarteam.
- Ein spanande, hektisk og utfordrande kvardag.
Bedrift
Bergen kommuneSøknadsfrist
14.12.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5014, BERGEN
BERGEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5972921Se her for andre jobber fra Bergen kommune