• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4711668
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Ledig stilling

Sogndal kommune

Avdelingsleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune har ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar i Bu- og miljøtenesta sone Leikanger. Stillinga er ledig frå 01.12.2022. 

Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune yter tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Tenestemottakarar er personar med funksjonsnedsetting som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar personleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagde bustadar, dagtilbod og fritidstilbod. 

 

Arbeidsoppgåver: 

Som avdelingsleiar i Bu- og miljøtenesta sone Leikanger har du ansvar for dagleg drift av avdelinga og fagleg forsvarlege tenester til tenestemottakarane i henhald til gjeldande lover-, regel- og avtaleverk.

Avdelingsleiar har personal- og økonomiansvar for avdelinga. Avdelinga har om lag 35 årsverk. Ein må rekne med noko reiseverksemd innad i kommunen. Næraste leiar er tenesteleiar i Bu- og miljøtenesta.

 

Det er eit overordna mål å sikre tenestemottakarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Dette i godt samarbeid med tenestemottakarar, pårørande, tilsette internt og andre eksterne samarbeidspartar.

 

Sentrale ansvarsområde: 

  • Personalansvar
  • Budsjett- og økonomiarbeid 
  • Rekruttering og opplæring 
  • Turnus, bemanningsplan og arbeidsplan
  • Dagleg og fagleg ansvarleg for vedtak etter Helse- og omsorgstenestelova kap 9
  • Utviklingsarbeid som bidreg til god livskvalitet for tenestemottakarane, gode relasjonar og eit godt arbeidsmiljø 

 

Kvalifikasjonar: 

  • Minst Bachelor helse-sosial- eller pedagogiske fag frå høgskule og/eller  universitetsnivå eller Bachelor innan leiing
  • Leiarerfaring
  • Fordel med erfaring innan endringsarbeid
  • Fordel med erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonshemming

Fordel med kjennskap til Gerica, Microsoft 365 og Visma flyt ressursstyring og Visma Enterprise

Beherske norsk skriftleg og munnleg 

 

 Personlege eigenskapar: 

  • Gode samarbeidsevner
  • Motiverande, løysings- og resultatorientert
  • Tydelege kommunikasjonsferdigheiter
  • Omgjengeleg

 

Spesielle vilkår for stillinga: 

Den som vert tilsett må leggje fram: 

- Politiattest av ny dato 

  

Me tilbyr: 

  •  Ein spanande jobb med kjekke kollegaer. 
  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  •  Gode velferdsordningar 
  •  Løn etter avtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4711668
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune