Ledig stilling

Vestnes kommune

Avdelingsleiar - 3 x 100 %

Offentlig forvaltning

Stillingstype
Vestnes kommune har ledige stillingar som avdelingsleiar innan Helse og omsorg.

For tiden er det ledige 2 fast avdelingsleiarstillingar ved Eining for Aktivisering og meistring og 1 vikariat ved Helsehuset Stella Maris. 

Dine arbeidsoppgåver vil vere:
• Fagleg oppfølging, samt personal og økonomiansvar for ditt fagområde, medarbeidarar og brukarar
• Koordinering av tenestene
• Utarbeide turnusar/turnuskompetanse
• Ansvar for ajourhald og andre administrative rutinar
• Sikre at drift samsvarar med kommunens intensjonar og gjeldande lovverk
• Bidra i leiarteamet for utvikling på tvers av helseområda

Kven er det vi søkjer?
• Vi ser etter deg som har 3 årig utdanning innan helse- og sosialfag. 
• Du har, eller ønsker å ta, vidareutdanning i leiing
• Du har kunnskap om psykisk utviklingshemming, psykisk helse og utviklingsforstyrringar - Eining for aktivisering og Meistring
 Du har kunnskap om eldre og aldring - Stella Maris
• Du er fleksibel og har endringsvilje
• Du har eit brennande ønske om å vere med å påverke, utvikle og forbetre tenesteområdet til Vestnes Kommune
• Du har ein stor arbeidskapasitet, bør trivast i ein hektisk kvardag og kunne leie dine medarbeidarar med entusiasme og glede
• Du bør óg kunne beherske IT-verktøy på ein god måte
• Ha rettleiingskompetanse

Vi tilbyr:
Vestnes Kommune kan tilby støtte og utvikling gjennom eit tverrfagleg leiarteam. Du vil få gode og engasjerte leiarar som gir deg ansvar, men óg spelerom, til å utvikle dei beste tenestane til brukarane. Kommunen er ei IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid. Kommunen kan tilby ein spanande arbeidsplass med gode arbeidsforhold og eit sterkt fagleg miljø.  

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Ber om at du opplyser kva stilling du søkjer og i prioritert rekkefølgje.

Aktuelle søkarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referanse

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet.  Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkarlista kan bli offentleggjort.