• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    10.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4699790
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 14.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Avdelingsleiar 2x100% fast - Knappskog skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Knappskog skule søkjar etter to avdelingsleiarar ein for småskulesteget og ein for mellomsteget.


I stillinga som avdelingsleiar på småskulesteget vil 70 % av stillinga være leiing og 30% undervisning. Stillinga vil og ha leiaransvar for innføringstilbodet for minoritetsspråklege elevar.

I stillinga som avdelingsleiar for mellomsteget vil 50 % av stillinga være leiing og 50 % undervisning.

Arbeidsoppgåver:

  • Være ein aktiv deltakar i skulen sitt leiarteam og delta i utviklinga av skulen
  • Pedagogisk leiing og bidra til gode læringsprosessar i organisasjonen
  • Legge til rette for pedagogisk utviklingsarbeid, og delta i eit lærande fellesskap
  • Samarbeid med andre tenester og deltaking i skulen sitt tverrfaglege samarbeid
  • Følge opp læringsarbeidet og elevane si faglege utvikling
  • Dialog med føresette
  • Administrative oppgåver som t.d. vikararbeid
  • Personaloppfølging
  • Undervisning

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
  • Undervisningskompetanse frå grunnskule eller anna relevant skuleerfaring
  • Pedagogisk kompetanse
  • Erfaring frå undervisning i grunnskulen eller anna relevant arbeid i grunnskulen
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Skuleleiarutdanning eller må ønskje å ta vidareutdanning i skuleleiing
  • Leiarerfaring, gjerne frå grunnskule
  • Erfaring med utviklingsarbeid
  • Erfaring i psykososialt- og spesialpedagogisk arbeid
  • Kunnskap om og erfaring med skuleutvikling og kulturbygging
  • God digital kompetanse
  • Erfaring frå arbeid med minioritetsspråklege elevar

Vi ønskjer ein avdelingsleiarar som:

  • ser på dei tilsette som ressursar
  • er ein god relasjonsbyggar
  • tar vare på og vidareutviklar det gode lærings- og arbeidsmiljøet på skulen
  • har gode evner til å samarbeide, lytte, rettleie og inspirere
  • er ein kreativ og inspirerande leiar
  • har gode digitale kunnskapar og kan vere med på å utvikle skulen sitt digitale arbeid
  • er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig
  • er strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • orienterer seg i pedagogisk utviklingsarbeid

Anna: 

Skriv i søknaden om du ønskjer å bli vurdert til begge stillingane eller kva for ein av dei du ønskjer bli vurdert til

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    10.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4699790
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 14.07.2022