Company
Tokke kommuneApplication deadline
29.10.2019Position function
LederstillingForm of employment
workTime.HeltidIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
BachelorWork experience
ØnskeligAddress
3880, DALEN
TOKKE
NorwayOther workplaces
TokkeNumber of positions
1Career-kode
2166317Look here for other jobs from Tokke kommune
- Updated 11.10.2019
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Tokke kommune
Avdelingsleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Frå 01.01.20 vil vår leiar i heimetenesta slutte, og det vil bli ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsleiar for heimetenestane. ID 644
Søknadsfrist: 29 oktober 2019
Tokkekommune er ein kraftkommune som ligg i nordenden av Telemarkskanalen og har 2250 innbyggjarar.Frå kommunesentret på Dalen er det om lag same lengde til Stavanger som Oslo. Ynskjer du å busetje deg midt mellom aust og vest, er Tokke staden.Kommunen er rik på kultur og lange tradisjonar innan industri, gruvedrift, jord- og skogbruk. I dag har kommunen òg verksemder som er tufta på høg kompetanse. Kommunen som går frå 72 moh til 1537 moh, har gode friluftstilhøve ein kan nytte heile året.
Avdelingsleiar har det faglege og administrative ansvaret for heimetenesta i Tokke kommune.
Stillinga omfattar fyljande:
- Hovudansvar for daglege drift heimesjukepleia, heimehjelp og heimevaktmeistar
- Delegert personalansvar for heimetenesta sine medarbeidarar
- Ansvar for oppfylging og utvikling av kvalitetsarbeid
- Ansvar for at organisering og gjennomføring av oppgåver i avdelinga i samsvar med verdiar, mål, lov og forskrift
- Delegert budsjett- og økonomiansvar for avdelinga
- Tenesteutvikling
- Kvalitetsarbeid
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Helsefaglig utdanning frå høgskule/universitet minimum på bachelor-nivå, fortrinnsvis med formalisert leiarkompetanse, og relevant leiarerfaring. Dersom søkjar ikkje har leiarutdanning, så må søkjar forplikte seg til å gjennomføre slik utdanning.
- Erfaring og god kompetanse med ulike dataprogrammer er ei fordel
- Søkar må beherske norsk språk på høgt nivå, både munnleg og skriftlig
- Personlig egnethet vil vektleggast
- Lovkrav om politiattest
Tokke kommune har fokus på forebygging og mestring, og våre tilsatte er ei viktig ressurs for å lykkes med dette. Tenestane er under kontinuerlig tilpasning etter nye lovkrav og behov, og det stilles krav til løysningsorientering og kjennskap om kvalitet og leiing.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved Kommunalsjef for helse- og omsorgsetaten, Ann Wraa, tlf. 35075200/970 21 422.
Company
Tokke kommuneApplication deadline
29.10.2019Position function
LederstillingForm of employment
workTime.HeltidIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
BachelorWork experience
ØnskeligAddress
3880, DALEN
TOKKE
NorwayOther workplaces
TokkeNumber of positions
1Career-kode
2166317Look here for other jobs from Tokke kommune
- Updated 11.10.2019