Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Avdelingsleiar 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Kolltveit skule er ein fulldelt barneskule med om lag 250 elevar fordelt på 14 klassar. Skulen ligg sentralt i Øygarden kommune på Kolltveit om lag 5 minutt med bil aust for Straume. Skulen har siste året gjennomført ei ombygging som har gjort arbeidstilhøva meir tilpassa og moderne. Vidare satsar skulen på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt kollegafellesskap.

Arbeidsoppgåver:
  • Leiaransvar og leiaroppgåver knytt til drift og utvikling av skulen.
  • Avdelingsleiar deltek i skulen sitt leiarteam, og vil ha eit særleg ansvar for 1.-4. trinn.
  • Administrative oppgåver knytt til dagleg drift, og oppfølging knytt til spesialpedagogisk og sosialpedagogisk arbeid på skulen.
  • Avdelingsleiar vil ha eit særleg koordineringsansvar knytt til elevar som skal ha særskilt språkopplæring.
  • Samarbeid med føresette og andre aktuelle samarbeidspartnarar.
  • Stillinga er tillagt 50% undervisning.
  • Det kan verte aktuelt med rettleiing av nytilsette.
  • Vikararbeid.
Kvalifikasjonar:  Må ha:
  • Godkjent undervisningskompetanse for å undervise i grunnskulen for 1.-4.trinn.
  • Erfaring frå undervisning i grunnskulen.
  • Evne til å prioritere mellom oppgåver som må løysast her og no, samstundes som du klarar å vere strukturert og halde i langsiktige oppgåver som er skulen sine felles prioriteringar.
  • Evne til å handtere travle dagar.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
Ønskjeleg med:
  • Ønskjeleg med leiarerfaring og erfaring med arbeid med utviklingsarbeid
  • Erfaring frå arbeid med born med særlege behov
  • Erfaring med læringsmiljøarbeid, på individnivå og systemnivå.
Personlege eigenskapar:
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God arbeidskapasitet
  • Fleksibel
  • God evne til å byggje relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
  • God evne til å løyse komplekse utfordringar
  • Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk
  • Har gode evner til å samarbeide, lytte, rettleie og inspirere.
  • Er lojal mot skulen sine verdiar og mål.
  • Personleg eigenskap vil vere avgjerande.
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Anna: 

Vikariatet er ledig frå 01.08.24 - 01.02.24 med moglegheit for forlenging

Kontakt:

Odd Erik Kjeldstad

 Rektor

 odd.kjeldstad@oygarden.kommune.no

 Telefon: 55097602/99645370

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.